Forslaget til ny eksamen i norsk: i tråd med fagfornyinga?
Master thesis
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3834]
Abstract
Denne masteravhandlinga tek føre seg forslaget til ny eksamen i norsk skriftleg for 10. trinn. Studien er ein analyse av eksempeloppgåvene i dette forslaget. Bakgrunnen for studien er innføringa av fagfornyinga og dei nye læreplanane i fag, som har ført til behov for å gjere endringar i eksamen som sluttvurdering. Forslaget til ny eksamen i norsk skriftleg har skapt stor debatt i fagmiljøet og er difor eit interessant studieobjekt. Føremålet med avhandlinga har vore å kunne seie noko om innhaldsvaliditeten til forslaget til ny eksamen i norsk skriftleg for 10. trinn og bidra til å tydeleggjere styrkar og svakheiter ved eksempeloppgåvene. Dette har fått utspring i problemstillinga: Korleis samsvarar eksempeloppgåvene i forslaget til ny eksamen i norsk skriftleg for 10. trinn med norskfaget i fagfornyinga? For å kunne svare på dette har eg gjort ei kvalitativ innhaldsanalyse av dei ulike eksempla på oppgåvetypar som elevane kan få til eksamen. Analysen vert drøfta i lys av teori om djupnelæring og kompetanseomgrepet som ligg til grunn for fagfornyinga, sentrale aspekt ved norskfaget i fagfornyinga, i tillegg til ulike perspektiv på norskfagleg kompetanse. Som eit bakteppe er det gjort greie for eksamen som sluttvurdering og føremålet med eksamen, dei implisitte rollene til eksamen og eksamensformat og -konstrukt. Dette er med på å skape ei heilskapleg forståing av det nye forslaget til eksamen.
Funna frå analysen viser at oppgåvetypane til saman knyt seg til både ferdigheits- og kunnskapssida ved faget, og at det vert testa varierte norskfaglege kompetanseområde i eksempeloppgåvene. Analysen avdekker likevel korte omfangstilrådingar som utfordrar utforskingsdimensjonen i norskfaget, og at det ikkje vert lagt til rette for prosessorientert skriving og ei kroppsleg tilnærming til læring, som er viktig for djupnelæring i norskfaget. Analysen viser òg at det er ein snever literacy-kompetanse som vert prøvd i oppgåvetypane. Dette kan tyde på at det ikkje er eit tilstrekkeleg samsvar mellom forslaget til ny eksamen i norsk skriftleg for 10. trinn og norskfaget i fagfornyinga, som vidare kan vitne om ein svak innhaldsvaliditet i eksamen. Studien viser at norskfagleg kompetanse er ein kompleks og samansett kompetanse som det kan vere utfordrande å måle med dagens eksamensformat. This master’s thesis examines the proposal to new written exam in Norwegian for the 10th grade. It does this by analyzing example tests in said proposals. The study is anchored in both the new National Curriculum Kunnskapsløftet 2020 and the curriculum in the Norwegian subject, which has created demand for changes in the exams as the final assessment. The proposal to the new written exam in Norwegian has sparked debate amongst teaching professionals and is thus an interesting object of study. The purpose of the thesis is to enlighten the validity of the content in the proposal to the new written exam in Norwegian for the 10th grade, as well as to clarify the strengths and weaknesses of the example tests. My thesis works with the following research question: How does the example tests in the proposal to a new written exam in Norwegian for the 10th grade correlate with the Norwegian subject in the new National Curriculum? To answer this question, I have performed a qualitative content analysis of the different task types the pupils face during their exams. The results of the analysis are discussed considering theory about in-depth learning and the competence concept, which are both part of the basis of the new National Curriculum. Furthermore, central aspects of the Norwegian subject in the new National Curriculum and different perspectives on competence in the Norwegian subject will prove important for the discussion. As a backdrop, the thesis elaborates on the use of exams as a final assessment, the general purpose of exams, the implicit roles of exams as well as different exam formats and exam constructions. This contributes to creating a holistic understanding of the new exam proposal.
The results demonstrate that the different exam task types in sum connects to aspects of both skill and competence in the subject, and that varied Norwegian competence areas are tested in the example tests. It does however expose shortcomings in the word count recommendations which are detrimental to the dimension of exploration in the Norwegian subject. In addition, the example tests do not facilitate process-oriented writing and physical approaches to learning, which both are important to the subject. The analysis also demonstrates that only a narrow understanding of literacy is tested. This suggests that there is insufficient correlation between the proposal to a new written exam in Norwegian for the 10th grade and the Norwegian subject in the new National Curriculum. The poor correlation indicates weak validity of the content in the exam. The thesis demonstrates that competence in the Norwegian subject is a complex compound competence which could be challenging to measure with today’s exam format.