Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFikse, Camilla
dc.contributor.authorHustoft, Sunniva Marie Eriksen
dc.date.accessioned2022-08-27T17:19:24Z
dc.date.available2022-08-27T17:19:24Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:107553896:49775521
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3013951
dc.description.abstractRelasjonelt leiarskap er ein viktig grunnpilar for å byggja den moderne og suksessfulle leiar (Røvik, 2007). Leiarskapet kan koma fram i mange ulike situasjonar, men er i stor grad studert i formelle organisasjonar. Funksjonshemma som har brukarstyrt personleg assistanse (BPA) utfører også leiarskap mot sine assistentar. Gjennom å leia sine eigne assistentar til å utføra oppgåver for seg, nyttar arbeidsleiaren i ein BPA-ordning tenesta til å skape eit meir likestilt og sjølvstendig liv for seg sjølv. Korleis leiarskapet utførast i praksis veit me mindre om. Difor undersøkjer denne masteroppgåva spørsmåla: Korleis leiar unge arbeidsleiarar si eiga BPA-ordning, og kva innverknad har dette på korleis arbeidsleiaren opplever at det er å leia ordninga? Gjennom studien blir me kjende med seks arbeidsleiarar under 30 år som leier si eiga BPA-ordning. Studien utforskar korleis leiarskap ser ut i ein BPA-ordning gjennom å eksplorativt skildre arbeidsleiars erfaringar og å knytta desse empiriske skildringane til litteratur på leiarskapsfeltet. Utgangspunktet er at BPA skal vere eit verktøy for likestilling og tilrettelegging for den funksjonshemma. BPA-leiarskap startar i det indre hjå arbeidsleiaren. Å ha ein BPA-ordning skapar betre livskvalitet for den enkelte basert på at dei kan ta styring over eige liv. Studien viser at denne moglegheita til sjølvleiarskap skapar myndiggjering for den enkelte, som igjen skapar motivasjon til å få eit så fritt liv som mogleg. I møte med assistenten utfører arbeidsleiaren relasjonelt leiarskap, sjølv om somme arbeidsleiarar også nyttar system og struktur til å forma BPA-ordninga etter eigne ønskje. Til sist ser studien på korleis ytre faktorar har innverknad på BPA-ordninga og livet til den enkelte. Det kjem fram at særleg relasjonen med kommunen kan vera tyngjande, men også andre faktorar som korleis ein blir møtt i samfunnet og relasjon til venner og familie kan vera til hinder for at arbeidsleiar får ein godt fungerande BPA-ordninga. Basert på desse funna oppmodar studien til vidare forsking på emnet, slik at me betre kan forstå korleis ein skapar gode, levedyktige BPA-ordningar ved hjelp av tydeleg leiarskap som ivaretar behovet til den enkelte. Søkeord: Borgerstyrt personlig assistanse, selvstyrt personlig assistanse, brukerstyrt personlig assistanse, BPA, funksjonshemming, nedsatt funksjonsevne, assistanse, hjemmebaserte tjenester, praktisk bistand, helse- og omsorgstjenesteloven, kommunale tjenester, Independent Living, human agency, empowerment, disability, personal assistance, caretakers.
dc.description.abstractRelational leadership is an important pillar that the successful, modern leadership is built upon (Røvik, 2007). Leadership can be seen in many different forms and situations, but is mainly studied within the scope of formal organizations. Disabled people that have personal assistance (often referred to as “caretakers” in English, BPA for short in Norwegian) also perform leadership towards their assistants or caretakers. Through leading their assistants in performing tasks for themselves, the manager of an assistance team is utilizing their assistance to achieve equality and more independence. How this leadership is executed, however, we know little about. That is why this master thesis will examine the questions: How to young leaders lead their own assistance team, and how does this impact the leader’s experience of leading their team? In this study we will get to know six leaders under 30 years old who lead their own team of assistants. The study explores how leadership looks like in an assistance or BPA setting through documenting the leaders’ experiences from their position and linking them with leadership litterature. The basis of the exploration is that BPA is to be a tool for equality and facilitate for the person whom is disabled. Leadership of BPA starts within the leader. Having an assistance team can improve the well-being of the one needing assistance in order for them to have human agency of their life. The study shows that this opportunity to lead oneself creates empowerment, which in turn creates motivation for the disabled leader to create as much independence as possible. Relational leadership is the basis of the leader’s relation to their assistants, although some leaders also use systems and structures to form their BPA assistance. Lastly, the study looks at external factors and their impact. The relation with the county (which handles BPA) is often a challenging once, but other factors like how one is met by society as disabled and the leader’s relationship with friends and family can also hinder the leader in creating the assistance per their preferences. Based on these findings, the study concludes that there is need for more studies on leadership in personal assistance for disabled people, with the goal of better understanding what makes successful BPA assistance teams through well-performed leadership that meet people’s needs. Keywords: Borgerstyrt personlig assistanse, selvstyrt personlig assistanse, brukerstyrt personlig assistanse, BPA, funksjonshemming, nedsatt funksjonsevne, assistanse, hjemmebaserte tjenester, praktisk bistand, helse- og omsorgstjenesteloven, kommunale tjenester, Independent Living, human agency, empowerment, disability, personal assistance, caretakers.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleKorleis er det å leia eigen BPA-ordning? BPA i eit leiarskapsperspektiv: Ein studie av relasjonelt leiarskap i brukarstyrt personleg assistanse
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel