Eksplisitt grammatikkundervising i skulen
Abstract
Tema for denne oppgåva er didaktisering av avansert grammatikk tilpassa elevar i vidaregåande skule. Frå fleire hald vert det hevda at både lærarar, elevar og lærarstudentar har for dårlege grammatikkunnskapar, noko som gjev dårlege føresetnadar for å gjennomføre meiningsfull og god grammatikkundervising i skulen. På grunn av dette krevst det eit system eller ein måte å undervise på som gjer at lærarar ikkje vegrar seg for å bruke tid på grammatikken, og som gjer at elevane får utbytte av innsatsen som vert lagt inn på området. Denne oppgåva er ein freistnad på å byrje på utviklinga av eit slikt system, der vi her fokuserer på den syntaktiske kategorien forfeltet. Oppgåva ber også preg av paradigmet aksjonsforsking, som inneber ei systematisk undersøking av eigen praksis for å skape positiv endring. Prosjektet er ein intervensjonsstudie gjennomført i samarbeid med to tredjeklassar på vidaregåande skule. Metoden for datainnsamling består av ein pre- og ein post-test som vert gjennomført før og etter intervensjonen. På desse testane vert elevane presentert for eit utval setningar som til saman utgjer ein samanhengande tekst. Der vert dei bedne om å gje setningane ein struktur som skapar ein naturleg flyt i teksten. I etterkant vert testsvara frå intervensjons- og kontrollgruppa samanlikna med kvarandre, og med ei ekspertgruppe, for å sjå korleis elevane bruker forfeltet. Desse dataa vert supplert med eigne observasjonar frå gjennomføringa av undervisingsopplegget som utgjer intervensjonen, der det er naturleg. Oppgåva undersøkjer for det første forfeltsbruk hjå elevane samanlikna med skriveekspertar, for det andre om undervising av forfeltsbruk kan føre til endring i åtferd i tekstproduksjon og for det tredje om bruken av grammatikkdinosauren frå Språket som superkraft (Eide, 2022) kan vere eit godt grep når ein skal undervise om norsk setningsstruktur. I korte drag finn vi i undersøkinga at elevane i utgangspunktet bruker forfeltet ganske aktivt, og at dei flyttar fram setningsledd hyppig. Etter å ha deltatt på undervising om forfeltsbruk, leverer elevane testsvar som er meir like ekspertgruppa. Dette indikerer at undervising om forfeltsbruk kan gjere elevane til betre skrivarar, og at grammatikkdinosauren viste seg å vere eit godt grep for å arbeide med avanserte grammatiske konstruksjonar på ein lettfatteleg måte. Eg kunne også observere åtferdsendringar i elevanes tekstproduksjon, både på individ- og gruppenivå. Dette tydar på at det er mogleg å utvikle undervisingsopplegg som tek sikte på å lære elevane avansert grammatikk, og at dette har eit potensial til å gje innsikter og fordelar også i skrivearbeidet. Thematics for this thesis are didactics of advanced grammar adjusted for high school students. From several observations, both teachers and students have poor grammar knowledge; this resolves poor preconditions for conducting meaningful and good grammar teaching in school. Due to this, a system for a way of teaching is required so that both teachers do not refuse to spend time on grammar and students benefit from learning this knowledge properly. This thesis attempts to develop a system where the focus is on the prefield. The thesis also includes the action research paradigm, which involves a systematic examination of one’s practice as a teacher to create a positive change. The project is an intervention study conducted in collaboration with two third-year high school students. The method for collection of data has been a pre-test and a post-test. In the test, the students were given a selection of sentences forming a coherent text. The students were asked to give the sentences a structure that creates a natural flow in the text. Afterward, the test results were compared with the control- and expert group to see how the students used the prefield. The results were supplied with own observations from the intervention. The thesis examines, firstly, the prefield use among the students compared with writing experts, and secondly, whether teaching prefield use can lead to a change in behavior in writing a text. Furthermore, thirdly, whether the use of the grammar dinosaur from Språket som superkraft (Eide, 2022) is useful when teaching Norwegian sentence structure and grammar. In short, we find in the study that the pupils initially use the prefield quite actively and move sentence clauses quite frequently. After attending the lecture about the prefield, the pupils submit tests that are more similar to the expert groups test answers. These results show us that the lectures on prefield use can teach pupils how to become better writers, and that the grammatical dinosaur proved to be a good tool for working with advanced grammatical constructions in an easy-to-understand way. Observations also showed behavioral changes in students’ text production, both individually and on a group level. These results show that it is possible to develop a teaching program that aims to teach students advanced grammar and that this has the potential to provide insight and benefits in writing text.