Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNygård, Mari
dc.contributor.authorSalte, Karen Fosså
dc.date.accessioned2022-07-26T17:20:11Z
dc.date.available2022-07-26T17:20:11Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:113334384:36757034
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3008733
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg sett på lærebøker som er laga for andrespråklege elevar som skal lære seg norsk. Problemstillinga mi har vore: Korleis legg eit utval lærebøker for særskild norskopplæring til rette for ordforråds- og omgrepslæring?. I tillegg har eg brukt fire forskingsspørsmål, der det første handlar om kva slags ordforråd som vert vektlagd i lærebøkene, det andre om kva grad lærebøkene legg til rette for innlæring av både kvardagsspråk og akademisk språk, det tredje om kva grad lærebøkene vektlegg metaspråkleg medvit og ordlæringsstrategiar, og det siste om lærebøkene sine syn på omgrepslæring er i tråd med det som står i Læreplanen i grunnleggende norsk for språklige minoriteter, og det tilhøyrande kartleggingsverktøyet. Læreverka eg har undersøkt er Norsk Start frå Cappelen Damm og Klar, ferdig, norsk! frå Fagbokforlaget. Frå desse læreverka har eg brukt «Elevboka» og den tilhøyrande lærarrettleiinga frå Norsk Start, og «Biletordboka» og «Lærerens bok» frå Klar, ferdig, norsk!. Oppgåva har teke utgangspunkt i teori om ord- og omgrepslæring på andrespråket. Tilnærminga til analysen er særs inspirert av Bloom og Lahey (1978) sin språkmodell om at språket består av både ei form, eit innhald og ein bruk. Den metodiske tilnærminga har vore innhaldsanalyse av dei to lærebøkene, basert på dei oppsummerande ordlistene i slutten av kvart kapittel, i tillegg til at dei tilhøyrande lærarrettleiingane er brukt for å supplere med informasjon der det var naudsynt. Merksemda har vore særleg på læreverka si vektlegging av kvardagsspråk og akademisk språk, og på utviklinga av metaspråkleg medvit og ordlæringsstrategiar. I tillegg har eg sett på læreplanen og kartleggings-verktøyet, og om det er samsvar mellom læreplanmåla, kartleggingsverktøyet, og læreverka. Funna viser at lærebøkene i stor grad fokuserer på konkrete ord, spesielt konkrete substantiv, mens andre ordklassar, spesielt dei som inneheld funksjonsord, vert via lite merksemd. I tillegg bruker Norsk Start berre ord i grunnforma si, mens Klar, ferdig, norsk! i større grad viser til ord sine forskjellige bøyingsformer. Begge læreverka kunne gjeve meir plass til utviklinga av eit akademisk språk, spesielt med tanke på forståing av metaforar. Vidare viser analysen at lærebøkene held seg til læreplanmåla når det er snakk om omgreps- og ordforrådslæring, mens språklæringsstrategiar og utvikling av eit meta-språkleg medvit, som det er stor vektlegging av i læreplanen, ikkje kjem til uttrykk i lærebøkene.
dc.description.abstractIn this project I have examined textbooks that are made for second language learning students who are learning Norwegian. The research problem I investigated was: How does a selection of textbooks for second language learners facilitate the development of vocabulary acquisition and concept learning?. In addition, the thesis is based upon four research questions, where the first is about what kind of vocabulary is emphasized in the textbooks, the second about the degree of which the textbooks facilitates the learning of both a social language and academic language, the third about the textbooks' degree of emphasis on metalinguistic awareness and vocabulary learning strategies, and the last about if the textbooks' view of concept learning is in line with the Curriculum for Basic Norwegian for language minorities and the supplementing mapping tool. The textbooks I have examined is Norsk Start from Cappelen Damm and Klar, ferdig, norsk! from Fagbokforlaget. From these textbooks, I have studied the student book and the accompanying teacher guidance from Norsk Start, and "Biletordboka" and "Lærerens bok" from Klar, ferdig, norsk!. The study is based upon theory of vocabulary and concept learning in a second language. The approach to the analysis is particularly inspired by Bloom and Lahey's (1978) language model, which says that language consists of a form, a content, and a use. The methodological approach I used was a content analysis of the two textbooks, based upon the summary dictionaries at the end of every chapter, in addition to the use of the associated teacher guidelines to supplement with information where it deemed necessary. The focus has been particularly on the textbooks' emphasis on social language and academic language, and on the development of metalinguistic awareness and vocabulary learning strategies. In addition, I have studied the curriculum and the mapping tool and analyzed whether there is a correspondence between the curriculum objectives, the mapping tool, and the textbooks. The findings show that the textbooks mostly focus on concrete words, especially concrete nouns, while other parts of speech, especially those that contain function words, are given less attention. In addition, Norsk Start only uses words in plain singular form, while Klar, ferdig, norsk! to a greater extent refers to words' different inflectional forms. Both textbooks could make more space for the development of an academic language, especially regarding the understanding of metaphors. Furthermore, the analysis shows that the textbooks adhere to the curriculum objectives when it comes to concepts and vocabulary learning, while language learning strategies and the development of a metalinguistic consciousness, of which there is great emphasis on in the curriculum, are not expressed in the textbooks.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleOrdforråds- og omgrepslæring i særskild norskopplæring – ei innhaldsanalyse av to læreverk
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel