Kva skal ein gjera når alle ikring ein er sterke og kloke? - Ei lesing av Tarjei Vesaas’ Fuglane i lys av autismespekterdiagnosen
Abstract
Denne bacheloroppgåva analyserer Tarjei Vesaas’ Fuglane (1957) i lys av autismespekterdiagnosen. Mattis Tusten har heilt sidan romanen blei gitt ut verka som representant for det som er annleis. I forlenging av dette rettar denne oppgåva fokuset på Mattis som nevrodivergent.
Oppgåva undersøker korleis Mattis sin annleisheit blir formidla og tematisert i møte med ulike sosiale kontekstar. I desse møta finst det ulike rammer for Mattis sin annleisheit, og ein får dermed fleire perspektiv på korleis Mattis ser på seg sjølv og korleis andre ser på han. Slik kan Mattis seia oss noko om kva det vil seia å fungera på ein annleis måte. Det blir her tydeleg at det som er annleis ikkje har nokon bestemt form, men varierer ut frå kva sosiale rammer som finst. Dette kan vidare vera med på å kasta lys over tilhøvet mellom nevrotypi og nevrodivergens. This bachelor thesis examines Tarjei Vesaas’ Fuglane (1957) in an autism spectrum disorder perspective. Mattis Tusten has, ever since the novel was published, acted as a representative for what is considered different. This thesis focuses on Mattis as neurodivergent.
The thesis examines how Mattis’ differences are conveyed in encounters with various social contexts. In these meetings, there are different frameworks for Mattis’ difference. This gives us several perspectives on how Mattis looks at himself and how others look at him. Based on this, Mattis can tell us something about what it means to function in an atypical way. It becomes clear that the way difference is perceived, varies depending on the social framework. The relationship between Mattis and the others can also give insight into the relationship between the neurotypical and the neurodiverse.