«Gjennomsnitt kan vere litt ekkelt nokon gonger»: Ein studie av elevar sin statistiske forståing av sentralmåla
Master thesis
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3865]
Abstract
Dette studiet fokuserer på å analysere elevar sin statistiske forståing av sentralmåla. Hensikta med oppgåva er å avdekke kva type statistisk forståing elevane har av sentralmåla. Forskingsspørsmålet i studien er: Kva type statistisk forståing og resonnement kjem til syne i elevar sine beskrivingar av sentralmåla, og i kva nivå av tabellen «statistisk literacy hierarkiet» blir elevane sine beskrivingar plassert? Forståing er eit bredt omgrep, difor har eg i tillegg eit underspørsmål knytt til dette: I kva grad viser elevane til relasjonell forståing av sentralmåla?
Underspørsmålet er viktig sidan det er ønskeleg elevane utviklar relasjonell forståing framfor prosedyreforsting. Metoden som er brukt i oppgåva er ein triangulering med fokus på kvalitativ forskingsmetode. 9. trinnselevane i studien fekk eit oppgåvesett med ulike oppgåver om sentralmåla, der oppgåvene var lagt opp til at elevane skulle finne, forklare val av sentralmål, anvende og tolke sentralmåla, og vere kritisk til sentralmåla. For å få utfyllande beskrivingar intervjua eg seks elevar om dei same oppgåvene. Datamaterialet blei analysert ved ein teoretisk tematisk analyse med bakgrunn i nivåa og karakteristikkane i tabellen til Watson og Callingham (2003) «Statistical literacy hierarchy», der høgare nivå i tabellen viser større grad av statistisk forståing.
Analysedelen viste at 9.trinnselevane ikkje befinner seg konsekvent i eit nivå i tabellen «Statistical literacy hierarchy». Alle elevane gav beskrivingar som illustrerer at dei har ein statistisk forståing som minst strekker seg på to nivå i tabellen. Engasjementet elevane viste med konteksten i oppgåvene var med på å gi klar ein retning i kva nivå elevane sine resonnement blei plassert i. Vidare viste funn frå analysedelen at elevane sine beskrivingar av sentralmåla hovudsakleg er av relasjonell forståing, men eg avdekker og til ein grad av instrumentell forståing av sentralmåla. The thesis focuses on pupil’s statistical understanding of the centre, where the aim is to analyse their statistical competence. In order to do so, the thesis asks: “What type of statistical understanding, and reasoning is apparent in the pupil’s description of the centre, and in where do their descriptions belong in the “Statistical literacy hierarchy” chart. Because of the large scope of the study, the thesis focuses on the sub-question “To what extent do students refer to relational understanding of the centre?”.
The sub-question seeks to focus on the pupils’ ability to develop relational understanding rather than a procedural understanding. The method used is a triangulation with a focus on qualitative research method. The pupils, who were in the 9th grade, were given a set of assignments with various task about centre. The assignments asked them to find instances of centre, explain the choice, apply and interpret, and be critical of the use of centre. In addition to the assignment, I interviewed six pupils about the tasks. The results were analysed by a theoretical thematic analysis based on standings and the characteristics in the chart by Watson and Callingham (2003) “Statistical literacy hierarchy”, where higher levels in the table show a greater degree of statistical understanding.
The analysis shows that pupils are not consistently in one position in the “Statistical literacy hierarchy” chart. All the pupils gave descriptions that illustrate that they have a statistical understanding that extends at least at two levels in the table. The pupils’ enthusiasm reflected their position on the chart of their thought process. Furthermore, the analysis shows that pupils’ description of the centre tends to be connected to relational understanding, with some evidence of instrumental understanding of the centre.