Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHalvorsen, Kristin
dc.contributor.authorAbildsnes, Karoline
dc.date.accessioned2022-07-14T17:19:50Z
dc.date.available2022-07-14T17:19:50Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:113023937:13247449
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3005540
dc.description.abstractSamfunnsvitskaplege studiar har identifisert ei rekke dilemma som rektor står overfor i sin profesjonelle praksis som skuleleiar. Eitt dilemma omhandlar balansegangen mellom å utøve sin styringsrett og -plikt, og ei forventing frå tilsette om fagleg autonomi og rom for medverknad. Dette kan karakteriserast som eit kommunikativt dilemma, der rektor må balansere to til dels motstridande behov. Med ei samtaleanalytisk tilnærming til to møte mellom ein rektor og tilsette ved ein skule, har studien som føremål å gi kunnskap om det kommunikative dilemmaet mellom styring og medverknad i skuleleiing. Fordi dilemmaet rører ved kva deltakarar gjer krav på å ha rett på og ikkje, vil eg belyse fenomenet gjennom å undersøke korleis rektor og tilsette forhandlar om epistemiske og deontiske rettigheiter. Analysen støtter opp om leiing som kontekstsensitiv praksis, der to møte på den same skulen, til dels med dei same deltakarane, viser svært ulike måtar å gjere leiing på. Det første møtet, problemløysingsmøtet, framstår som kjelde for potensiell konflikt og kontrovers der det framstår som at rektor i særleg grad må opptre med omsyn til potensielle underliggande spenningar. Til samanlikning er det andre møtet, rutinemøtet, prega av kvardagslege og praktisk orienterte saker som ikkje i same grad krev å bli handtert med forsiktigheit. I problemløysingsmøtet føregår det stadige forhandlingar mellom rektor og tilsette om epistemiske og deontiske rettigheiter. Dette framstår som eit uttrykk for dilemmaet mellom styring og medverknad. Rutinemøtet viser derimot ikkje den same forhandlinga om rettigheiter, men ber preg av kollaborative samtalerom der deltakarane samarbeider om verkelegheitsskildringar og om å ta avgjerder. Resultata indikerer at ein måte rektor handterer dilemmaet mellom styring og medverknad på, er gjennom å veksle mellom sterke og svake epistemiske og deontiske haldningar. Dette framstår som ei form for kompromiss mellom dei til dels motstridande behova, der ho utøver styringsretten samtidig som at ho gir rom for tilsette å medverke. Studien tener som komplement til pedagogisk og organisasjonsfagleg forsking på dilemma i rektor si rolle som skuleleiar, gjennom å belyse korleis dilemmaet mellom styring og medverknad kan kome til uttrykk i faktiske samtalar i skulen. Ved å synleggjere skuleleiing som kompleks interaksjonell praksis, der deltakarane orienterer seg mot styring og medverknad som eit kommunikativt dilemma, kan studien tilby innsikt og eit omgrepsapparat som kan kome rektorar, tilsette i skulen, skuleeigarar og andre interessentar til gode.
dc.description.abstractSocial science studies have identified a number of dilemmas of which school principals face in their professional practice as leaders. One concerns a balance between exercising one's right and duty to govern, and an expectation from employees of being given professional autonomy and empowerment. This can be characterized as a communicative dilemma, as the principal balances two partly conflicting needs. Through a conversational analytical approach to two meetings between a principal and employees at a school, this study aims to provide knowledge about the communicative dilemma between managerial demands and empowerment in school management. As the dilemma concerns participants’ entitlements, I will explore how the principal and employees negotiate epistemic and deontic rights. The analysis emphasizes leadership as context-sensitive, as two meetings at the same school, partly with the same participants, show very different ways of doing leadership. The first meeting, a problem-solving meeting, appears as a source of potential conflict and controversy, and require that the principal acts with particular regard to potential underlying tensions. In comparison, the second meeting, a routine meeting, is characterized by everyday problems and a practically oriented agenda that do not, to the same degree at least, require to be handled with care. In the problem-solving meeting, principal and employees continuously negotiate epistemic and deontic rights. This negotiation is portrayed as an expression of the dilemma between managerial demands and empowerment. The routine meeting, on the other hand, does not show the same negotiation of participants’ rights, but is rather characterized by a collaborative floor where participants work together on depictions of reality and on decision-making. The results indicate that one way the principal handles the dilemma between managerial demands and empowerment, is through alternating between strong and weak epistemic and deontic stances. This appears to be a compromise between the partly conflicting needs, where she exercises her right to manage and at the same time gives room for employees to be empowered. The study complements pedagogical and organizational research on dilemmas in principal's role as a school leader, by shedding light on how the dilemma between managerial demands and empowerment is displayed in actual conversations in school. By presenting school leadership as a complex interactional practice, where participants orient themselves towards managerial demands and empowerment as a communicative dilemma, the study may offer insight that can benefit principals, school employees, school owners and other stakeholders.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleStyring og medverknad som kommunikativt dilemma i skuleleiing: Ei dialogisk samtaleanalyse av møte mellom rektor og tilsette
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel