Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMjaavatn, Per Egil
dc.contributor.authorHaanes, Solgunn Hannisdal
dc.date.accessioned2022-07-14T17:19:23Z
dc.date.available2022-07-14T17:19:23Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:110011684:64640252
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3005523
dc.description.abstractSamandrag Dette er ein scoping review litteraturstudie, med artiklar og bøker som viser, korleis påverkar lærar elev relasjonen læreprogresjonen til elevar med lese- og skrivevanskar? Relasjonar, skulestrukturstruktur, opplæringslova, rett og plikt, lese- og skriveopplæring, lese- og skrivevanskar, eleven sitt perspektiv. Dette er rammene som avgrensar denne teksten. Det er innanfor desse rammene eleven møter læraren på skulen. Når ein då tek dei seks triksa i studierosirkelen (Andersson, 2021) og sett dei opp mot desse rammene ser ein at det er ein god arbeidsmetode for læraren og arbeida etter og det viktigaste vert å verta kjent med elevane for å tilpassa skuledagen til elevane sine behov og tru på eiga meistring. Det er mange faktorar som påverkar læreprogresjonen til elevar med lese- og skrivevanskar. Ein viktig faktor er korleis læraren møter eleven. Dette er avgjerande for korleis skuledagen vert for eleven. Signala læraren sender ut når han samhandlar med eleven seier noko om relasjonen er positiv eller negativ. Når signala er positive med interesse for eleven som person og tru på meistring for eleven vil dette påverka eleven positivt og det vil gje eleven meistringstru. Når signala er negative kan dette verka motsett og eleven kan gjerne mista trua på at han vil meistra. Fokuset til læraren avgjer korleis dei møter elevane, om dei vidareutdannar seg ser dei gjerne korleis elevane har det i opplæringa før dei har lært noko og etter at dei har meistra det som var vanskeleg. Lærar skal møta eleven med tilpassa opplæring etter eleven sitt behov, for å kunne dette er det viktig korleis læraren møter eleven og vert kjent med eleven. Då kan han møta eleven med meistringsforventning som er tilpassa eleven. Elevane skal læra å omgå ulike personar i samfunnet dette kan dei læra av å sjå korleis læraren er rollemodell og møter dei i klasserommet, for her er det mange ulike og unike elevar, som gjerne ikkje hadde møtast om dei ikkje kom i same klasse. Lærar kan velja å verta kjent med eleven med lese- og skrivevanskar som person og finna styrkane og interessene til eleven og kan bruka dette når han planlegg undervisinga. Då kan han finna relevante tekstar som elevane kan samarbeida om i grupper, ved at læraren legg til rette for at alle kan bidra og alle kjenner at dei høyrer til og meistrar.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleKorleis påverkar lærar elev relasjonen læreprogresjonen til elevar med lese- og skrivevanskar?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel