Koordinert samhandling skapt gjennom dialog og relasjonsbygging – eit fundament for utvikling av motstandsdyktige lag i norsk elitefotball
Doctoral thesis
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3865]
Abstract
English abstract
In this survey, I follow an elite league team in football as a member of the coaching team. The aim of this study is to increase knowledge about how coaches through challenge and support in everyday life can facilitate the development of resilient teams by strengthening the relational competence in a recently promoted team. The survey contributes with in-depth knowledge of how the coach (es) can facilitate the handling of challenging situations to support the need of coordinated collaboration in the team. The thesis contains three articles.
The articles are based on three underlying questions. The three research questions initiate in depth investigations on challenges and facilitation for the development of interaction and the relationship between the actors related to challenges in the team. First, I asked the question of how to develop resilient players in Norwegian top football (Article 1). Then I asked how group structures can be facilitated to provide support to the players in dealing with challenges for the team (article 2). The last question was which strategic element contributed to creating a shared understanding handling challenging situations for the development of the team’s resilience in an elite football team (Article 3).
The work builds on previous studies which highlight shared leadership, together with positive communication and interaction through shared understanding among members as important elements in the development of team resilience. By examining both players’ and coaches’ experience with handling challenging situations during the season, there is a need to highlight a clear «we-perspective» for the development of resilience in the team. Organizational structures and knowledge about the members created through dialogue and relational competence are important factors to develop and coordinate common perceptions based on the team’s identity.
Using a qualitative research approach, work has been initiated to further develop their own practice through participatory action research in collaboration with a Norwegian top football team that moved up into the Eliteserien. The starting point for the approach was experiences throughout the season where the head coach in collaboration with the other coaches saw the need to develop a more robust team with a view to the demands that a promotion brings with it. The intention was to develop a team that could handle the increased demands that were placed on both coaches and players in the coming season. At the same time, it was desirable to plan, carry out and evaluate the work in such a way that learning experiences and knowledge were developed for internal and external use after the project period had ended. Reflecting on one’s own practice was a central part of the team’s development process. The activities and reflections in the study are based on the approach to living pedagogical theories, and the question of how to improve one’s own practice.
Information from player and coach interviews, research logs and meeting reports have made it possible to examine interactions between members from different points of view. The results are presented in the three articles. The first addresses the complexity of the interaction and the challenges associated with providing support to the players. The second takes organizational elements and structures in the team where conscious use of small team subgroups, clarification of expectations in roles and shared leadership are found important to integrate in the training planning and performance development of the team. Article three presents an interaction model that will help to understand and develop a common understanding of handling challenging situations in the team. The model is based on the need to develop knowledge about the team’s identity and use knowledge about the members to be able coordinate actions in challenging situations.
Based on the findings, the recommendation is that coaches have a conscious approach to creating a common understanding of the coordinated actions, and that these are first and foremost carved out to improve their own practice to build relational competence in the team by being prepared to handle challenging situations. At the same time, this dissertation points at possibilities to transfer the experience and development from this specific football team to other contexts, elite environments, and complex learning environments. Norsk samandrag
I denne undersøkinga følgjer eg eit eliteserielag i fotball som medlem i trenarteamet. Målet til denne undersøkinga er å auke kunnskapen om korleis trenarar gjennom utfordring og støtte i kvardagen kan legge til rettes for å utvikle motstandsdyktige lag ved å styrke relasjonskompetansen hjå eit ny opprykka lag. Undersøkinga bidreg med utdjupande kunnskap om korleis trenar(ar) kan legge til rettes for å handtere utfordrande situasjonar som krev koordinert samhandling i laget. Avhandlinga inneheld tre artiklar.
Artiklane tek utgangspunkt i tre underliggande spørsmål. Dei tre forskingsspørsmåla går kvar for seg djupare inn på tilrettelegging av samhandlinga mellom aktørane og styrking av relasjonskompetansen i handtering av utfordringar for laget. Først stilte eg spørsmålet om korleis utvikle motstandsdyktige spelarar i norsk toppfotball (Artikkel 1). Så spurde eg korleis kan gruppestrukturar legge til rettes for å gi støtte til spelarane i handtering av utfordringar for laget (artikkel 2). Det siste spørsmålet var kva strategiske element som bidreg til å skape delt forståing av utfordrande situasjonar for å handtere utfordrande situasjonar i utvikling av motstandskraft i eit elitefotballag (artikkel 3).
Arbeidet byggjer på tidlegare undersøkingar som har framheva at utviklande og delt leiarskap, saman med positiv kommunikasjon og interaksjon gjennom delt forståing hjå medlemane, er viktige element i utvikling av lagresiliens. Ved å undersøke både spelarar og trenarar si erfaring med å handtere utfordrande situasjonar i løpet av sesongen, er det behov for eit tydeleg «vi-perspektiv» for utvikling av motstandskraft i laget. Organisatoriske strukturar og kunnskap om medlemane skapt gjennom dialog og relasjonskompetanse er framheva for å kunne koordinere felles oppfatningar basert på laget sin identitet.
Med ei kvalitativ tilnærming er det initiert eit arbeid for å vidareutvikle eigen praksis gjennom deltakande aksjonsforsking i samarbeid med eit norsk toppfotballag som rykka opp i Eliteserien. Utgangspunktet for tilnærminga var erfaringar gjennom sesongen der hovudtrenar i samspel med dei andre trenarane såg behovet for å bygge eit meir robust lag med tanke på krava som eit opprykk fører med seg. Intensjonen var å utvikle eit motstandsdyktig lag som kunne handtere dei auka krava som vart stilt til både trenarar og spelarar den komande sesongen. Samtidig var det ynskjeleg å planleggje, gjennomføre og evaluere arbeidet på ein slik måte at det vart utvikla læring og kunnskap til intern og ekstern bruk etter at prosjektperioden var avslutta. Å reflektere over eigen praksis vart ein sentral del av utviklingsprosessen til laget. Aktivitetane og refleksjonane i undersøkinga byggjer på tilnærminga om levande pedagogiske teoriar, og spørsmålet om korleis betre eigen praksis.
Informasjon frå spelar- og trenarintervju, forskingslogg og møtereferat har gjort det mogeleg å undersøke interaksjon mellom medlemane frå ulike ståstader. Resultata er presentert i dei tre artiklane. Den første tek opp kompleksiteten i samspelet og utfordringar knytt til det å gi støtte til spelarane. Den andre tek føre seg organisatoriske element og strukturar i laget der bevisst bruk av små lagdelsgrupper, forventningsavklaringar i roller og delt leiarskap er framheva som viktig å integrere i treningsplanlegginga og prestasjonsutviklinga til laget. Artikkel tre presenterer ein interaksjonsmodell som skal vere til hjelp for å forstå og utvikle ei felles forståing for handtering av utfordrande situasjonar i laget. Modellen bygger på behovet for å utvikle kunnskap om laget sin identitet og nytte kunnskap om medlemane for å kunne koordinere handlingar i utfordrande situasjonar.
Forslaget om at trenar har ein bevisst inngang til å skape felles forståing av dei koordinerte handlingane er først og fremst meisla ut til betring av eigen praksis for å byggje relasjonskompetanse i laget knytt til handtering av utfordrande situasjonar. Samtidig ligg det gode ansatsar til erfaringsoverføring og vidareutvikling frå fotballkonteksten til andre elitemiljø både innan profesjonell fotball og andre komplekse læringsmiljø.