Slagskip - eit spel for auka koordinatkompetanse
Master thesis
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3863]
Abstract
Samstundes som den norske læreplanen tar opp funksjonar som eit sentralt emne (Kunnskapsdepartementet, 2019) viser forskinga til Klegseth (2018) at norske elevar manglar grunnleggande kompetanse innan funksjonar. Tidlegare forsking har vist at spel bidreg til fordelar innan det å utvide den matematisk kompetansen til elevane (Bottino et al., 2014; Elofsson et al., 2016; Kebritchi et al., 2010; Pawa et al., 2020). Dermed har eg vald å undersøke forskinsspørsmålet: Kan Slagskip forbetre elevane sin kompetanse om koordinatar og funksjonar, og kva er viktige forutsetningar for at det skal fungere?For å svare på forskingsspørsmålet var det nytta to ulike versjonar av spelet Slagskip. Første versjon var eit matematisk spel som vart nytta på testgruppa. Den andre versjonen var ikkje matematisk og vart nytta på kontrollgruppa for å undersøke om det var spelet som bidreg til forbetra matematisk kompetanse eller andre faktorar. For å samle inn data var det konstruert eit kvantitativt oppgåvesett basert på matematisk kompetanse, funksjonskompetane og koordinatkometanse. Elevane gjennomførte det same datasettet to gongar. Først ein pretest i forkant av spelet, og deretter ein posttest i etterkant av spelet. Totalt var det 149 elevar som deltok i undersøkinga, 93 i testgruppa og 56 i kontrollgruppa. I tillegg er det gjort to gruppeintervju med totalt seks deltakarar for å undersøke om elevane tek i brukt strategiar når dei spelar slagskip. Resultata viser at elevane i testgruppa auka kompetansen sin meir enn elevar som deltok i kontrollgruppa. Vidare var det spesielt den situasjonsbestemte koordineringa til elevane som vart forbetra. Andre kompetansar elevane utvikla var til dømes representasjonskompetanse, symbol og formalismekompetanse og kommunikasjonskompetanse (Niss et al., 2002), samt omsetjing frå funksjonskompetansemodellen (O’Callaghan, 1998). For å oppnå resultatet er det enkelte forutsetningar som må vere til stades. Resultata antydar at spelet må innehalde koordinatsystem som spelbrett og skyte ved bruk av koordinatar, som det matematiske versjonen gjer. Forutsetningar hos elevgruppa spelte også inn på resultatet, då lavt presterande elevar ser ut til å ha meir forbetra kompetanse enn høgt presterande elevar. Gruppeintervjua viste at både den matematiske og den ikkje matematiske versjonen av Slagskip inneheldt strategiar, og elevane nytta resonnementkompetansen. As the Norwegian curriculum illuminates that functions is a central topic (Kunnskapsdepartementet, 2019), Klegseth’s (2018) research shows that Norwegian students lack basic knowledge in functions. Previous research has shown that games can contribute to advantages in increasing the students mathematical competence (Bottino et al., 2014; Elofsson et al., 2016; Kebritchi et al., 2010; Pawa et al., 2020). Based on this I want to investigate the research question: Can Battleship improve students competence regarding coordinates and functions, and what are important prerequisites for this to work?To answer my research question, it was used two kinds of battleship games. The first version was a mathematical game that was used on a test group. The second version of the game was not mathematical and was used to investigate if it was the game or other factors that contributed to an increase in mathematical competence. To collect the data it was constructed a qualitative questionnaire, based on mathematical competence, function competences and coordinate competences. The students completed the same questionnaire twice. First a pre-test before the game, and then a post-test after the game. In total 149 students participated in the survey where 96 of the students were in the test group and 56 students were in the control group. It was also conducted a group interview with a total of six students for the purpose of investigating if the students’ used strategies when playing Battleship. The result showed that the students in the test group increased their competences more than the students that participated in the control group. Furthermore, the competence on situational coordinates in specific improved the most. Other competences that the students improved was for example representation, symbol and formalism and communication (Niss et al., 2002), as well as translating from the function model (O’Callaghan, 1998). To achieve the result of the game there were some prerequisites that was needed. The game needs to contain a coordinate system as a game board and to shoot with the use of coordinates, like the mathematical version does. Prerequisites in the student group also influenced the result. It was a tendency that low-achieving students improved their competencies more than high-achieving students. The group interviews showed that both versions of Battleship contained strategies, and the students used reasoning skills.