Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorDahl, Anne
dc.contributor.authorSylte, Tor H.
dc.date.accessioned2022-02-18T18:20:54Z
dc.date.available2022-02-18T18:20:54Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:80300818:14564970
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2980163
dc.description.abstractFaktorane og mekanismane som påverkar andrespråkstileigning har vore eit debattert tema i fleire tiår. Eit av dei sentrale spørsmåla knytt til dette er kva type lingvistisk bevis som kan seiast å vere relevant for andrespråkstileigning, og om andrespråkselevar faktisk har bruk for korrigerande tilbakemeldingar undervegs i læringsprosessen. Formelle og generative tilnærmingar til andrespråkstileigning har vanlegvis antatt at berre positive bevis, eller tilfelle av grammatiske målspråkseksempel, kan bli nytta i andrespråkstileigning. Dette er basert på haldninga at språktileigning er drive av Universal Grammar og møte med positive bevis, og at negative bevis, eller informasjon om kva som ikkje er korrekt på målspråket, ikkje kan tene dette føremålet. Dette betyr også at for desse tilnærmingane blir ikkje korrigerande tilbakemeldingar og andre typar språkundervisning som inneheld negative bevis sett på som relevant for andrespråkstileigning. På den andre sida har teoretiske tilnærmingar frå bruksretta lingvistikk, interaksjonisme, og teoriar innanfor ferdigheitstileigingsteori alle forsvart nytta av både negative bevis og korrigerande tilbakemeldingar i andrespråkstileigning. Desse tilnærmingane har hevda at slike faktorar kan påverke andrespråkstileigningsprosessen ved å rette merksemd mot hòlet mellom interlangauge og målspråket, gjere innputt meir forståeleg, samt hjelpe med å unngå overgeneralisering av språklege strukturar. For å undersøke desse påstandane vart det gjennomført ein gjennomgang av tidlegare forsking på negative bevis og korrigerande tilbakemeldingar, med fokus på potensiell påverknad på språksystemet og dei relative effektane av forskjellige typar korrigerande tilbakemeldingar. Resultata syner at det kan vere grunn til å forvente ein positiv effekt av korrigerande tilbakemeldingar og negative bevis på språkleg framferd. Samtidig kan ikkje denne effekten relaterast direkte til endringar i lingvistisk kompetanse, ei heller kan ein type korrektiv tilbakemelding bli stadfesta som meir effektiv enn andre typar for å nå tileigning. I tillegg vart også ein betydeleg mangel på langtidstesting funne, noko som kompliserer arbeidet med å stadfeste om faktisk språktileigning har funne stad.
dc.description.abstractThe factors and mechanisms that influence L2 acquisition have been a topic of debate for decades. One of the central questions is what type of linguistic evidence can be said to be relevant for L2 acquisition, and whether L2 learners can actually benefit from receiving corrective feedback whilst acquiring L2. Formal and generative approaches to SLA have typically assumed that only positive evidence, or instances of grammatical target language examples, can be utilized for the process of L2 acquisition. This is based on the argument that language acquisition is driven by Universal Grammar and exposure to positive evidence, and that negative evidence, or information about what is not permitted in the target language, cannot be used for this purpose. This also means that for these approaches to SLA research, corrective feedback and other forms of language instruction containing negative evidence are seen as irrelevant for L2 acquisition. In contrast, theoretical approaches stemming from for instance applied linguistics, interactionist approaches, and skill acquisition theories have posited both negative evidence and corrective feedback as essential factors for SLA. These approaches have claimed that such treatments can benefit the L2 acquisition process by drawing attention towards gaps between interlanguage and target language, making input more comprehensible, and helping learners avoid overgeneralization of target structures. To investigate these claims, a review of previous studies on negative evidence and corrective feedback in SLA was conducted, focusing on the potential impact on the learners’ L2s and the relative effectiveness of different types of corrective feedback. The results show that there is evidence of a potential positive effect of corrective feedback and negative evidence on L2 behaviour. However, this effect cannot be conclusively related to changes in linguistic competence, nor can one type of corrective feedback be conclusively determined to be more effective than other types for targeting L2 acquisition. Moreover, a significant lack of long-term testing was also found, which further complicates the process of determining whether acquisition has occurred or not.
dc.languageeng
dc.publisherNTNU
dc.titleLinguistic evidence in second language acquisition: A theoretical discussion of negative evidence and corrective feedback in developing second language grammar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel