dc.contributor.author | Myklebust, Torfinn | |
dc.date.accessioned | 2015-03-06T15:35:37Z | |
dc.date.available | 2015-03-06T15:35:37Z | |
dc.date.issued | 2010 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/278652 | |
dc.description.abstract | Oppgåva har hatt som mål å sjå på bruk av fleirmålsanalyser
i kommunale utbyggingsprosjekt. For å gjere dette arbeidet
mest mogleg realistisk har eg valgt å nytte Eid kommune
som case. Her har eg gjennomført vurderingar med omsyn til
nye løysingar for Eid kommune sine omsorgsbygg.
Antal eldre er sterkt aukande, særleg frå år 2020. Dette gjeld
både i Eid kommune og i andre kommunar.
Gjennom arbeidet med oppgåva har det vore viktig å sjå på
kva krav og retningsliner som gjeld for omsorgsbygg. Det
har vore viktig å kome fram til løysingar som både gjev lave
livssykluskostnader og legg forholda til rette for å yte gode
tenester til innebyggjarane i kommunen.
Arbeid med bakgrunnstoff og teori har vore viktig for å
kunne utarbeide fleire alternativ til løysingar i Eid. Gjennom
analyser av dei ulike løysingane har eg prøvt å finne ut kva
alternativ som vil gje den beste utbygginga på Nordfjordeid.
Dei ulike løysingane er vurdert opp mot fleire kriterium. Val
av kriterium er ein viktig del av fleirmålsanalysen. Det har
vore viktig å ha fokus på kostnadar, men samtidig har det og
vore viktig å sjå mellom anna på funksjonalitet og
fleksibilitet.
Bruk av fleirmålsanalyser krev at ein gjer vurdering med
omsyn til val av kriterium og korleis ein skal vekte forholda
mellom dei.
Gjennom arbeidet med oppgåva har eg fått synleggjort at
karaktergjeving og vekting av kriterium kan gje ulike svar i
forhold til kva alternativ som bør veljast.
I forhold til Eid kommune sine omsorgsbygg har eg gjennom
arbeidet med oppgåva og dei val som er gjort med omsyn til
kriterium, karaktergjeving og vekting kome fram til eit
alternativ som svarar best til dei kriterium som er sett.
Oppgåva syner at for ein kommune vil bruk av
fleirmålsanalyser vere til stor hjelp ved evaluering av
alternativ ved ulike utbyggingsprosjekt. Ut frå erfaringane
med oppgåva vil eg difor rå kommunane til å innføre bruk av
fleirmålsanalyser i samband med nye utbyggingsprosjekt. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | NTNU | nb_NO |
dc.title | Bruk av fleirmålsanalyser i kommunale utbyggingsprosjekt - Vurdering av nye løysingar for Eid kommune sine omsorgsbygg | nb_NO |
dc.title.alternative | Use of multiple criteria analysis in Municipality organisations project - Evaluating of new care facilities for elderly in Eid Municipality | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |