Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMyklebust, Torfinn
dc.date.accessioned2015-03-06T15:35:37Z
dc.date.available2015-03-06T15:35:37Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/278652
dc.description.abstractOppgåva har hatt som mål å sjå på bruk av fleirmålsanalyser i kommunale utbyggingsprosjekt. For å gjere dette arbeidet mest mogleg realistisk har eg valgt å nytte Eid kommune som case. Her har eg gjennomført vurderingar med omsyn til nye løysingar for Eid kommune sine omsorgsbygg. Antal eldre er sterkt aukande, særleg frå år 2020. Dette gjeld både i Eid kommune og i andre kommunar. Gjennom arbeidet med oppgåva har det vore viktig å sjå på kva krav og retningsliner som gjeld for omsorgsbygg. Det har vore viktig å kome fram til løysingar som både gjev lave livssykluskostnader og legg forholda til rette for å yte gode tenester til innebyggjarane i kommunen. Arbeid med bakgrunnstoff og teori har vore viktig for å kunne utarbeide fleire alternativ til løysingar i Eid. Gjennom analyser av dei ulike løysingane har eg prøvt å finne ut kva alternativ som vil gje den beste utbygginga på Nordfjordeid. Dei ulike løysingane er vurdert opp mot fleire kriterium. Val av kriterium er ein viktig del av fleirmålsanalysen. Det har vore viktig å ha fokus på kostnadar, men samtidig har det og vore viktig å sjå mellom anna på funksjonalitet og fleksibilitet. Bruk av fleirmålsanalyser krev at ein gjer vurdering med omsyn til val av kriterium og korleis ein skal vekte forholda mellom dei. Gjennom arbeidet med oppgåva har eg fått synleggjort at karaktergjeving og vekting av kriterium kan gje ulike svar i forhold til kva alternativ som bør veljast. I forhold til Eid kommune sine omsorgsbygg har eg gjennom arbeidet med oppgåva og dei val som er gjort med omsyn til kriterium, karaktergjeving og vekting kome fram til eit alternativ som svarar best til dei kriterium som er sett. Oppgåva syner at for ein kommune vil bruk av fleirmålsanalyser vere til stor hjelp ved evaluering av alternativ ved ulike utbyggingsprosjekt. Ut frå erfaringane med oppgåva vil eg difor rå kommunane til å innføre bruk av fleirmålsanalyser i samband med nye utbyggingsprosjekt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleBruk av fleirmålsanalyser i kommunale utbyggingsprosjekt - Vurdering av nye løysingar for Eid kommune sine omsorgsbyggnb_NO
dc.title.alternativeUse of multiple criteria analysis in Municipality organisations project - Evaluating of new care facilities for elderly in Eid Municipalitynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel