I møte med det høgreradikale fenomenet
Master thesis
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for sosialt arbeid [1409]
Abstract
Tema for denne studien er fenomenet høgreradikalisme. Mange kan oppleve dette som utfordrande og til dels skremmande inn mot yrket sitt. Radikalisering og ekstremisme på høgresida blir i dag sett på som eit globalt fenomen, og dermed ein trussel for store delar av verda. Her har mitt mål vore å bidra til ei heving av kunnskapskompetansen rundt fenomenet, då ved hjelp av samtale med dei det gjeld, til ei betre forståing. Det er i oppgåva lagt vekt på teori om årsaksforklaringar rundt radikalisering, samt kva førebygging og tiltak som gjerast i dag. Forskinga eg har valt å presentere, er også avgrensa til norsk og nordisk forsking.
Ved å nytte meg av kvalitativ undersøking, blir det lagt til rette for å nå tak i opplevingane og tankane til dei «høgreradikale», profesjonsutøvarane og avhopparane. Utvalet av informantar har vore strategisk, då alle kan bidra til ulike perspektivforståingar knytt til høgreradikalisering. Funna legg vekt på korleis samfunnet vel å møte kvarandre, då med ulik verkelegheitsforståing. Samtidig blir det også lagt vekt på utfordringa rundt den lovlege ytringa som førekjem, og her av ulike tolkingar for korleis handtere dette. Funna framhevar samspelet, samt kva som skjer i møte med individ og samfunn. Dette saman med sosialarbeidaren og andre profesjonsutøvarar som står overfor ei slik utfordring.
Begrepet kommunikasjon blir identifisert som kjernekategori, saman med tre tilhøyrande hovudkategoriar. Dette ved namn betydinga av det relasjonelle, rettar og begrensingar og utveksling av fenomenkunnskap. Her omhandlar første kategori samspelet mellom individ, medan andre tek fatt i kva som er lov og følgande begrensingar. Den siste kategorien speglar viktig kunnskap for å få kjennskap til eit fenomen som høgreradikalisme. Kva høgreradikalisme er vil du kunne lese frå side 12 og utover. Felles for alle er ynskje om god dialog, og ei oppleving av å føle seg verdifull. Eit punkt som skil informantane frå kvarandre, er korleis ein ser på seg sjølv. Menneske har ulik oppfatning av kvarandre, og kvifor ein vel å tre inn i slike miljø. Hovudtyngda på tidlegare forsking ligg mykje under korleis sjå risikoteikna og å forstå fenomenet. Dette ser eg på som vanskeleg å etterleve i praksis, då eit slikt tema vert for komplekst. Funn i studien vil vere relevant for profesjonsutøvarar som skal kome i møte med det høgreradikale fenomen. The subject of this study is the phenomenon of right-wing radicalism. Many find this challenging and frightening when faced with this in their profession. Radicalization and extremism on the right-wing are today seen as a global phenomenon, and thus a threat to large parts of the world. My goal has been to help raise the knowledge around the phenomenon, and then by means of conversation with those concerned, to contribute to a better understanding. This thesis focuses on theory about the road to radicalization, as well as what prevention and measures are done today. The research I have chosen to present is also limited to Norwegian and Nordic research.
By conducting a qualitative study, I was able to reach the experiences and thoughts of the "right-wing radicals", professionals and formers. The selection of informants has been strategic, as everyone can contribute to different perspectives related to right-wing radicalization. The results point to a special focus on how society chooses to meet others, then with different understandings of reality. At the same time, emphasis is also placed on the challenges surrounding the legal utterances that precedes it, and here by different interpretations of how to handle this.
The term communication is identified as a core category, together with three associated main categories. This is called the importance of the relational, rights and limitations and the exchange of phenomenal knowledge. Common to all is the desire of good dialogue, and an experience of feeling valuable. One point that separates the informants from each other is how one looks at oneself. People have different perceptions of each other, and why one chooses to enter such an environment. The main emphasis in previous research has often been how to see the risk signs and to understand the phenomenon. I see this as difficult to live up to in practice, as such a topic is too complex. Findings in the study will be relevant for professionals who are to come in contact with the right-wing radical phenomenon.