«Homofil er jo ikkje heile identiteten til ein person»
Master thesis
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3832]
Abstract
Våren 2020 kom boka Dette blir mellom oss ut. Det er ei skjønnlitterær bok som tematiserer kjønn, i hovudsak gjennom den homofile hovudpersonen Felix, men det er òg andre karakterar som bidreg til at normer om kjønn kan diskuterast ved å ta utgangspunkt i boka. Korleis, og i kva grad lærarar nyttar seg av LHBT-litteratur i klasseromet, er noko det har vore forska lite på. I denne oppgåva skal eg finne ut kva slags meiningsskaping om kjønn elevar i ungdomsskulen kjem med etter å ha lese boka Dette blir mellom oss. Dette vil eg gjere gjennom å analysere transkriberte opptak frå litterære samtalar gjennomført av elevar på 9. steg. Eg vil òg inkludere mi eiga analyse av boka.
Med den nye læreplanen, Læreplan for Kunnskapsløftet 2020, kom det òg ei innføring av tre tverrfaglege tema: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Desse tre temaa skal inn i alle fag, og samstundes er dei fag-overgripande og skal sikre at aktuelle samfunnsutfordringar får sin naturlege plass i skulen. Arbeidet med Dette blir mellom oss passar inn i skildringa av alle temaa, men det treffer særskilt godt med folkehelse og livsmeistring, som ber med seg eit tydeleg mandat om å jobbe med å utvikle eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet hos elevane (Kunnskapsdepartementet, 2020, s. 16). Samtidig er norskfaget framleis definert som skulen sitt identitetsfag, og det vert skildra som eit sentralt fag for danning og identitetsutvikling (Utdanningsdirektoratet, 2020b, s. 23). I både overordna del og i læreplanen i norsk, er viktigheita av det identitetsdannande arbeidet framheva. I læreplanen i norsk er lesing av litteratur skildra som spesielt viktig, fordi elevane gjennom det kan møte på både stadfestingar og utfordringar. Arbeid med litteratur som tematiserer kjønn er dermed ein måte å jobbe med identitetsutvikling på.
Forsking signaliserer dessverre at lesing av heile romanar er nedprioritert i norsk ungdomsskule, og dei gongane det faktisk vert gjort er det som stillelesing og ikkje som eit felles prosjekt (Gabrielsen, Bliktad-Balas & Tengberg, 2019). Det vil seie at litteratur-undervisinga, i alle fall for romanen sin del, står i fare for å bli individualisert. Med individuelle lesingar er det ikkje rom for samtalen som døropnar i møte med litteraturen. Eg vil i denne oppgåva vise kva samtalen kan bidra med som ein del av litteratur-undervisinga, og eitt av funna mine er at elevane, gjennom samtalane, skaper ei meining om kjønn som kan vere både identitetsutviklande og helsefremjande, spesielt for ikkje-heterofile elevar. For å kaste lys over det elevane seier bruker eg omgrep og teori frå kjønnsteoretikaren Judith Butler (1990, 1991). Ho ser på kjønn som noko sosialt konstruert, og noko som er styrt av normer rundt oss, og dette er noko som elevane òg er inne på i sine samtalar. Det er eit raust og inkluderande syn på kjønn som kjem fram, og det er gjennom boka og samtalane skulen kan legge til rette for at dette skjer. Oppgåva er soleis forankra i eit dialogisk syn på litteraturundervisinga, og gjennom ein kasusstudie vil eg vise kva samtalen kan by på i møte med skjønnlitteraturen. The book Dette blir mellom oss (This Stays Between Us) was published in the spring of 2020. It is a fictional book, that realizes the topic of gender through the gay main character, Felix. There are other characters in the book as well, who contributes to the possibility of discussing gender acts and performances throughout the book. The amount of research studies focusing on how and in what way(s) teachers use LGBTQ literature in the classroom are rather few. In this master thesis I want to explore what kind of meaning about gender students at lower secondary education create after reading Dette blir mellom oss. I will do this by analyzing transcriptions of literary conversations from pupils on grade 9. I will also include my own analysis of the book.
The new national curriculum, Læreplan for Kunnskapsløftet 2020, came with an implementation of three new interdisciplinary topics: health and life skills, democracy and citizenship and sustainable development. These three topics are to be included in all school subjects, to ensure that current challenges of society gets their natural attention in the pupil’s education. The teaching unit about Dette blir mellom oss, fits with the descriptions of all thre interdisciplinary topics, but it has the strongest connection to health and life skills. Health and life skills is implemented to help create a positive self image and confident identity(Kunnskapsdepartementet, 2020, s. 16). At the same time, Norwegian, is defined as a subject to develop one’s identity, and it is described as an important subject for character and identity development (Utdanningsdirektoratet, 2020b, s. 23). The imoprtance of developing ones identity is fronted in both the Core curriculum and the Norwegian curriculum. In the Norwegian curriculum reading literature is said to be of particular importance because through literature the pupils can meet challenges and confirmations. Teaching units that give the oppurtunity to discuss gender is then a way to focus on identity development.
Research sadly implies that reading novels is not prioritized in Norwegian lower secondary education, and that when it is done it is as individual quiet reading, and not as a common project (Gabrielsen et al., 2019). This means that literary education, at least the novel, is in danger of becoming individualized. With individual readings there is no room for the conversation as a door opener in literary meetings. In this master thesis I want to show what the conversations can contribute with as a part of the literary education, and one of my finds is that the pupils, through the conversations, create a meaning about gender that can be good both in an identity and health perspective. To highlight the pupil’s converations I will use terms and theory from Judith Butler (1990, 1991). Her view on gender is that it is socially constructed and controlled by repeated acts. This is also something that the pupil’s say in their conversations. The pupils create a broad and including view on gender, and it is the book and the conversations that make this possible. The thesis is founded on dialogism and through a case study I will show the advantages of understanding fiction through conversations.