Show simple item record

dc.contributor.advisorRiksem, Brita Ramsevik
dc.contributor.authorVikøren, Therese
dc.date.accessioned2021-09-28T17:50:30Z
dc.date.available2021-09-28T17:50:30Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:76519029:14960959
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2785091
dc.description.abstractFagfornyinga tredde i kraft for første året for vidaregåande (VG1( 1 i august 2020. Då kom det blant anna nye læreplanar med nye kompetansemål, tverrfaglege emne og kjerneelement. Det er difor interessant å sjå på kva måte lærebøkene formidlar ny element. Dette er også viktig å ta tak i då godkjenningsordninga for lærebøker vart avskaffa for tjue år sidan og tolkingsrommet for forfattarane er difor stort. Denne masteroppgåva tek føre seg fagfornyinga i norskfaget med hovudfokus på kjerneelementet språk som system og moglegheit. Problemstillinga for oppgåva er: På kva måte vert grammatikk formidla i lærebøker i fagfornyinga? Eg svarar på problemstillinga mi ved å ta føre meg tre lærebøker som vart utgitt i forbinding med Fagfornyinga: Grip teksten, Intertekst og Moment. Studien er ei kvalitativ komparativ innhaldsanalyse av desse tre lærebøkene. Desse analysane er sett i samanheng i eit komparativ perspektiv. For å undersøke på kva måte grammatikk vert formidla, tek analysen utgangspunkt i fire tema ved grammatikk. Analysen har sett på om bøkene formidlar eit preskriptivt eller deskriptivt syn på grammatikk (jf. Åfarli 2000). Chomsky sin teori om den formelle grammatikken og Halliday sin funksjonelle grammatikk. For å sjå på kva lærebøkene har lagt vekt på, er det viktig å sjå på kva som har vore sentralt i tidlegare læreplanar, Hertzberg (1995) sine legitimeringsargument for grammatikkundervisning vert viktige element i analysen. Her har eg plukka ut tre av dei fem legitimeringsargumenta som er mest sentrale: framandspråksargumentet, språkferdigheitsargumentet og metaspråksargumentet som alle har vore viktig i arbeid med grammatikk i skulen. Analysen ser også på dei didaktiske vurderingane og ser på kva måte bøkene legg opp til arbeid med grammatikk. Dei viktigaste funna i analysen er at lærebøkene formidlar grammatikk ulikt, til dømes didaktiske tenkepausar og tabellar. Hovudskilnadane er synet på om grammatikk skal formidlast med eit preskriptivt eller deskriptivt syn og i kva grad dei ulike legitimeringsargumenta er sentrale. Når kjerneelementet, som ein ny komponent i Fagfornyinga, skal presenterast og setjast ut i praksis, kunne det å hatt retningslinjer for dette vore ein god ide. For grammatikkopplæringa for elevane og for kjerneelementet språk som system og moglegheit er funna her sentrale i arbeidet med grammatikkundervisning, då det tydeleg viser variasjon.
dc.description.abstract'Fagfornyelsen', or the curriculum renewal, became effective in the Norwegian field of education in August 2020. This included new curricular goals in addition to interdisciplinary subjects and core elements. It is therefore interesting to review the ways in which textbooks are conveying these new elements. Based on the approval scheme of school textbooks being abolished twenty years ago, this thesis sheds light on the issues this may cause. This master’s thesis addresses 'fagfornyelsen' in the Norwegian subject, mainly focusing on the core element language as system and opportunity. The question this thesis aims to answer is: In what ways have grammar studies been conveyed in textbooks following the curriculum renewal in Norwegian education? In answer to this question, I have conducted a qualitative comparative analysis of the content of three textbooks that were published in light of the curriculum renewal: Grip teksten, Intertekst og Moment. In order to investigate their grammar teachings, I have based my thesis on four central grammar theories by looking at whether the textbooks portray prescriptive or descriptive views on grammar (jf. Åfarli 2000), or whether they focus on Chomsky's approaches to formal grammar or Halliday's concept of functional grammar. Furthermore, Hertzberg's (1995) five legitimacy arguments for grammar instruction became central when comparing past and present curriculums. Moreover, the analysis also reviews the didactic assessments and ways in which the textbooks encourages grammar assignments. The key findings of this comparative analysis is that there are distinct differences in the ways that textbooks convey grammar, i.e. things such as didactic pauses to reflect, as well as charts and tables. Another central difference is whether grammar teachings are portrayed from a prescriptive or descriptive view, and to what extent the different legitimacy arguments are regarded as central. When a new component in the curriculum renewal is to be presented and put into practice, it might have been beneficial to have set practical guidelines beforehand. The evident differences in these findings are arguably relevant to grammar education, both for the experience of pupils, and in light of the new core element language as system and opportunity.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleGrammatikk i fagfornyinga: formidling av kjerneelementet språk som system og moglegheit i tre lærebøker
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record