Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHaugen, Cecilie
dc.contributor.authorHaugen, Eirik Sognnes
dc.date.accessioned2021-09-28T17:47:45Z
dc.date.available2021-09-28T17:47:45Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:67842424:36795341
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784917
dc.description.abstractHausten 2006 blei Kunnskapsløftet, ein ny læreplan for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa innført i Noreg. To år forut for læreplanen blei Stortingsmelding 30 Kultur for Læring lagt fram for Stortinget. Kultur for læring gav styringssignal for korleis Noreg skulle skape framtidas «kvalitetsskule». På den eine sida sa Stortingsmeldinga at det var tid for å gi lærarane meir tillit. Det var lærarane som hadde dei beste føresetnadane for å vite korleis god læring kunne skapast og gjennomførast, slo meldinga fast. På den andre sida var meldinga klar på at skulen også trengte eit «tydelig og kraftfullt lederskap»(Meld. St. 30, 2004, s. 99) som gjekk i dialog med lærarar om korleis opplæringa «bør gjennomføres og forbedres» (Meld. St. 30, 2004, s. 28 mi utheving). Denne studien undersøkjer korleis Kunnskapsløftet og desse til dels motsetningsfylte styringssignala i Kultur for læring har blitt tolka, iverksett og materialisert i den pedagogiske kulturen ved tre ulike grunnskular i Bergen kommune. Fire erfarne lærarar med ei variert bakgrunn bidreg til studiens datamateriale. Deira beskrivingar er analysert i lys av Basil Bernsteins pedagogiske kulturteori, som studiens teoretiske og analytiske rammeverk. Studien antyda at den pedagogiske kulturen har endra seg på fleire områder etter innføringa av Kunnskapsløftet. Funn i studien indikerer at lærarane etter Kunnskapsløftet opplev redusert moglegheit til å medverke og påverke skulen lokalt. Studien antydar at den pedagogisk kulturen har strekt seg i ei meir vertikalt hierarkisk retning der leiinga (ved skulen eller lokalt i kommunen) i større grad har kontroll over kommunikasjonen mellom lærar og leiing. Satsingsområde som er utforma og bestemt av eksterne utafor den lokale skulen set i større grad rammene for innhaldet i denne kommunikasjonen. Dette kan være fokus på å levere resultat på nasjonale prøver og kartleggingsprøver, eller implementere satsingar som eksterne aktørar har skapt. Studien indikerer at skulane etter Kunnskapsløftet prioriterer lesing, bokstav og tal-opplæring, og lese og læringsstrategiar og at dette har gått på bekostning av musikk, KRLE-faget, kunst og handverk, samfunnsfag tverrfagleg arbeid og fri leik. Hausten 2020 blei ei ny utgåve av læreplanen Kunnskapsløftet 2020 innført. I den nye versjonen er demokrati og medborgarskap eitt av tre tverrfaglege tema. Studien reiser avslutningsvis spørsmål ved om dagens ideal for styring av skulen er foreinleg med Overordna del i Kunnskapsløftet 2020, der kan ein lese at «skulen skal vere ein stad der barn og unge opplever demokrati i praksis».
dc.description.abstractKunnskapsløftet (LK06, autumn 2006) introduced a new curriculum for the Norwegian primary, secondary and upper secondary schools. Two years earlier, Stortingsmelding 30 Kultur for Læring (Report to the Storting 30, 'Culture for learning') was passed by the Storting, thus providing the direction for the development of future education in Norway. On the one hand, Stortingsmelding 30 pronounced an increased trust in teachers. On the other hand, Stortingsmelding 30 stated the need for a "clear and powerful leadership" (St.meld. nr. 30: 99; translation: E. Sognnes) in dialogue with the teachers about how education should be implemented. This study explores how Kunnskapsløftet and the contradictory signals in Kultur for Læring mentioned above have been interpreted, implemented, and executed at three schools in Bergen municipality. Four experienced teachers with varied teaching backgrounds contribute to the data of the study, which is analysed in line with the theoretical framework of Basil Bernstein's Pedagogical Culture Theory. The study suggests several ways in which the pedagogical culture at the respective schools has changed as a result of the implementation of Kunnskapsløftet. First, the teachers interviewed report reduced opportunity to contribute to and influence practice at their local level. Specifically, the study indicates that there is a pedagogical culture characterised by a hierarchical structure in which the leadership (at the school or in the municipality) to a larger extent controls the communication between teachers and the leadership. This communication often is predicted by priority areas determined by actors outside the local school, e.g., delivering results on national and other tests, or implementing activities developed by external actors. Secondly, the study proposes that the schools in response to Kunnskapsløftet prioritised reading and reading strategies, the teaching of letters and numbers, as well as general learning strategies. This focus was on the expense of activities related to subjects such as music, Christian and other religious and ethical education (CREE), art and crafts, social studies, or interdisciplinary activities and activities such as singing or free playtime. With the 2020 revision of Kunnskapsløftet, Democracy and citizenship was introduced as one out of three interdisciplinary topics in school. In line with this development, the present study closes with a discussion about the extent to which the current school management ideals align with the core values of education and training emphasised in Kunnskapsløftet 2020.
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleEndra relasjonar mellom leiing og lærarar i skulen
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel