Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHybertsen, Ingunn Dahler
dc.contributor.advisorSamuelsen, Anne Sofie
dc.contributor.authorJørgensen, Regine Aarflot
dc.date.accessioned2021-09-28T17:42:23Z
dc.date.available2021-09-28T17:42:23Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:79273327:37931542
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784781
dc.description.abstractI mars 2020 stengte skulane i landet ned som følger av koronapandemien. Dette medførte at heimeundervisning vart den nye kvardagen til dei fleste grunnskuleelevane. Hensikta med denne studien er å sjå på korleis denne forandringa i læringsmiljøet kan ha påverka elevar som vegrar seg for skulen og om dette har påverka korleis ein kategoriserer denne elevgruppa. Tematikken vert belyst gjennom støttetenesta sine opplevingar om korleis denne elevgruppa kan ha hatt det under heimeskuleperioden, kva dei legg i omgrepet skulevegring og om erfaringar frå denne perioden har gjort at dei endrar kva dei legg i omgrepet. Studien si problemstilling er: «Korleis kan erfaringar frå heimeskuleperioden under koronapandemien bidra til auka innsikt i skulevegringsproblematikken?» Litteraturen og tidlegare forsking har fokus på skulvegring og elevar som vegrar seg for skulen. I tillegg er noko litteratur om sårbare barn inkludert. Dette er ein kvalitativ studie. Datamaterialet studiet brukar består av åtte intervju, fire gruppeintervju og fire individuelle intervju. Informantane kjem frå PPT og skulehelsetenesta. Datamaterialet er samla inn av NTNU Samfunnsforsking og NIFU til eit prosjekt som omhandlar handteringar og konsekvensar av koronapandemien i grunnskulen. I intervjusituasjonen vart det ikkje stilt direkte spørsmål om skulevegring, men 11 av 17 informantar trekker fram denne elevgruppa i dei ulike intervjua. For å undersøke problemstillinga, har eg tatt utgangspunkt i to forskingsspørsmål som dannar kvart sitt kapittel som omhandlar empiri, analyse og diskusjon. Forskingsspørsmåla er: «Korleis vert omgrepet skulevegring tolka i lys av heimeskuleperioden?» og «Kva betydningar har endringar i læringsmiljøet for elevar som vegrar seg for skulen?». Funn frå studien kan vise at informantane trekker fram elevar som vegrar seg for skulen i ulike samanhengar. Funna tyder på at elevane med skulevegring ikkje var så sårbare under sjølve heimeskuleperioden, men at dei fleste kan ha opplevde det som vanskeleg å komme tilbake på skulen etter denne perioden. Det vert nemnt feire faktorar i læringsmiljøet på skulen som kan bidra til at heimeskuleperioden kan ha vorte opplevd som tryggare enn å vere på skulen, som at det er uro, støy eller røft miljø på skulen. Funn tyder også på at elevane som vegrar seg for skulen, trivdas godt under heimeskuleperioden fordi dei vart ein del av klassa på den måten at dei ikkje skilte seg ut i frå «normalen», men fungerte innafor det som vart den nye «normalen». Langtidskonsekvensane med fråvær har vorte nemnt og at det ikkje berre er positivt for denne elevgruppa å ha heimeundervisning.
dc.description.abstractIn March 2020 was the schools in the country closed as a result of the corona pandemic. This led to home schooling as the new reality for most students. This study looks at how this change in the learning environment may have effect student’s whit school refusal. This is highlighted mainly through the Educational Psychological service (EPS) of how this group of students may have felt during the home school period, what they put into the concept of school refusal and whether experiences from this period have made them change what they put into the concept. The study's problem is: "How can experiences from the home school period during the corona pandemic contribute to increased insight into the school refusal problem?" The literature and previous research focus on school refusal and students who refuse school. There is also some literature on vulnerable children. This is a qualitative study. The data material the study uses consists of eight interviews, four group interviews and four individual interviews. The informants come from EPS and the school health service. The data material has been collected by NTNU Samfunnsforskning and NIFU for a project that deals with the management and consequences of the coronary pandemic in primary school. In the interview situation, no direct questions were asked about school refusal, but 11 out of 17 informants highlight this group of students in the interviews. To investigate the problem, have I formed two research questions that form two chapters that deals with empirical data, analysis and discussion. The research questions are: "How is the term school refusal understood in light of the home school period?" and "What significance does the change in the learning environment have for students who refuse school?". Findings from the study can show that the informants highlight students with school refusal in various contexts. The findings indicate that students with school refusal were not so vulnerable during the actual home school period, but that most may have experienced it as difficult to return to school after this period. It has been mentioned that some factors in the learning environment at school can contribute to the home school period may have been perceived as safer than being at school, such as that there is unrest, noise, or rough environment at school. Findings also indicate that students who refuse to go to school thrive during the home school period because they were part of the class in a way that they did not stand out from the "normal” but functioned within what was the new "normal". The long-term consequences of absence have been mentioned and that it is not only positive for this group of students to have home schooling.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleSkulevegring - tolking av omgrepet og betydningar av endringar i læringsmiljøet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel