Nært til stades - på avstand. Ein kvalitativ studie som utforskar korleis familieterapeutar opplever at profesjonalitet kjem til uttrykk i møte med klientar
Abstract
I høve denne masteroppgåva er det utført ein kvalitativ studie med mål om å utforske familieterapeutar sine opplevingar av profesjonalitet. Problemstillinga lyder: Korleis opplever familieterapeuten at profesjonalitet kjem til uttrykk i møte med klientane? Tre personar som jobbar som familieterapeutar er intervjua innan rammene for semi-strukturert intervju. Analysen er basert på Lindseth og Norberg (2004) sin fenomenologisk-hermeneutiske metode. Av funn er det utarbeidd tre hovudkategoriar med tilhøyrande underkategoriar. Hovudkategoriane som er utarbeidd er kalla for Profesjonalitet uttrykt gjennom fokus på språk, Profesjonalitet uttrykt gjennom fokus på refleksjon og avkopling og Profesjonalitet uttrykt gjennom fokus på relasjonsbygging.
Funna er drøfta i lys av teoretikarane Hans Skjervheim (1996), Erving Goffman (1992), Max van Manen (1993) og Carl Rogers (1957). Røkenes og Hanssen (2012) sin fire-perspektiv modell for kommunikasjon er brukt som struktur for drøftinga. Vidare er det diskutert korleis familieterapeuten kan møte klientane på ein personleg måte, men likevel behalde profesjonalitet. Funna og diskusjonen viser at det er nærliggande å tolke dei aktuelle uttrykka for profesjonalitet som ei subjektiverande tilnærming til klientane (Skjervheim, 1996).
Masteroppgåva set omgrepet profesjonalitet på dagsorden. I ein familieterapeutisk kontekst blir omgrepet operasjonalisert og diskutert i lys av ulike forståingar av kva det handlar om. Med eit omgrep som ofte blir teke litt for gitt, forsøker denne oppgåva å motivere til refleksjon rundt forståing og applikering av omgrepet i ein yrkeskontekst. This Master’s Thesis conducts a qualitative study. The aim of the study is to find out more about family therapists’ experience of professionalism. The research question is: How does the family therapist experience the expression of professionalism when encountering with clients? A semi-structured interview guide was used to interview three persons working as family therapists.
The analysis of the interviews is based on Lindseth and Norberg’s (2004) phenomenological hermeneutical method. Three main categories with respective subcategories are constructed. The three main categories include Professionalism expressed through focusing on language, Professionalism expressed through focusing on reflection and timeouts and Professionalism expressed through focusing on building relationships.
The findings are discussed in the light of the theorists Hans Skjervheim (1996), Erving Goffman (1992), Max van Manen (1993) and Carl Rogers (1957). This thesis utilizes Røkenes and Hanssens’ (2012) four perspective model for communication as a structural frame for the discussion. Furthermore, this thesis discusses how the family therapist can have personal encounters with clients and still maintain professionalism. The findings and discussion show that one can interpret the different expressions of professionalism as a way of approaching the clients as subjects (Skjervheim, 1996).
This Master’s Thesis is putting the term professionalism on the agenda. In a family therapy context, the term is operationalised and discussed in the light of different understandings of what it is about. With a term that is often taken as a given, this thesis tries to motivate reflection around understanding and application of the term in a work context.