Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNess, Ottar
dc.contributor.advisorMoen, Bjørg-Elin
dc.contributor.authorGrimstad, Gunhild Verås
dc.date.accessioned2021-09-28T17:28:21Z
dc.date.available2021-09-28T17:28:21Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:83286640:38079014
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784404
dc.description.abstractMed utgangspunkt i tidlegare forsking er det eit godt dokumentert og velkjent fenomen at relasjonen mellom elev og lærar er ein viktig faktor som påverkar elevane si læring og utvikling. Stiftinga MOT-Norge arbeider forebyggande med å motverke sosiale utfordringar som mobbing, utanforskap og psykiske vanskar. Målet til stiftinga er å skape eit varmare og tryggare samfunn gjennom å styrke ungdom si robustheit, livsmeistring og mot. Gjennom MOT sitt forsterkingsprogram «Skulen som samfunnsbyggar» får tilsette i skulen, og andre viktige vaksne som er tett på ungdom, nyttige verktøy for å anerkjenne elevar og skape eit meir inkuderande klassemiljø. Kjerna i programmet er dei tre relasjonsnormene; 1) «Skap godkjensla», 2) «Vis bakgrunnsforståing» og 3) «Praktiser tøff kjærleik». Normene er systematisert gjennom det autoritative perspektivet, og skal bidra til å utvikle fellesforstått ansvarskjensle, å styrke eit positivt elevsyn i skulepersonalet og å utvikle vaksne sin kommunikasjon og veremåte. Det er ikkje forska tidlegare på korleis lærarar opplever arbeidet med dei tre relasjonsnormene til MOT eller deltaking i programmet «Skulen som samfunnsbyggar». Gjennom ein kvalitativ intervjustudie vert følgande problemstilling undersøkt: «Korleis opplever ungdomsskulelærarar at arbeidet med dei tre relasjonsnormene til MOT kjem til nytte i arbeidskvardagen?». Datamaterialet er basert på intervju med fire ungdomsskulelærarar som har erfaring med å jobbe på ein skule som deltek i MOT-programmet «Skulen som samfunnsbyggar». Ein tematisk analyse av det innsamla datamaterialet resulterte i fire hovudtema: 1. «Oppleving av at relasjonsnormene legg vekt på det viktigaste i lærarrolla» 2. «Bakgrunnsforståing kan gjere at ein kan tilpasse veremåte og undervisning ut frå elevane sine ulike behov» 3. «Å balansere styring og varme for å skape trygge rammer» 4. «Å utvikle felles kultur og språk, slik at alle dreg i same retning» Resultata vert diskutert i lys av teoretiske omgrep hovudsakleg innanfor økologisk systemteori og sosial-kognitiv læringsteori. I tillegg blir omgrepet mentalisering og relasjons-, sosioemosjonell og kognitiv kompetanse vektlagt, samt tidlegare forsking som er nyttige for studien. Deltakarane i studien opplever relasjonsnormene som nyttige og relevante i arbeidskvardagen, og funna indikerer at arbeidet med relasjonsnormene kan ha bidrege til både styrking av lærarane sin relasjonelle praksis og utvikling av samarbeidsorientert skulekultur. Eg diskuterer difor korleis samarbeidsorientert skulekultur kan utviklast gjennom arbeid med lærarar sin relasjonelle praksis, og korleis relasjonar mellom lærar og elev kan forsterkast ved å også involvere både elevar, føresette og andre sentrale aktørar i arbeidet med relasjonsnormene. Vidare vert lærarrolla diskutert i lys av relasjonsnormene til MOT, og særleg vert koplinga mellom dei tre normene diskutert i samanheng med det autoritative perspektivet. Det kan sjå ut til at ved å bygge kompetanse på begge sider av relasjonane, inkludert andre viktige vaksne som er tett på ungdommane, kan ein bidra til å styrke relasjonen mellom lærar og elev. Basert på funna vert det difor argumentert for at skular bør arbeide systematisk og kollektivt med å utvikle god relasjonell praksis.
dc.description.abstractAccording to previous research it is a well-known and established theory that student’s development and learning ability is strongly linked to the student-teacher relationship. The MOT Norway foundation works to prevent social challenges, for example bullying, exclusion and mental health problems. However, the main objective of the foundation is to create a safer and more inclusive society by strengthening youth’s robustness, life mastery and courage. Through MOT’s supplementary programme «School as a society builder», staff in schools, among other important adults close to the youth, are given useful tools for acknowledging students and creating more inclusive classrooms. The core of the programme is the three relationship norms; 1) «Create a feel-good factor», 2) “Understand people’s background” and 3) «Tough love». The norms are systematized through an authoritative perspective to encourage a common understanding of responsibility, creating a positive attitude towards the students, and developing the adult’s behaviorism and ability to communicate with the students. There is no previous research on the teacher’s perspective or experience working with MOT’s relationship norms or participating in the programme «School as a society builder». Through qualitative interviews the following research question is examined: «How do middle school teachers experience working with MOT’s three relationship norms as useful in their day-to-day work?». The data is based on interviews of four middle school teachers with experience working in a school participating in the programme «School as a society builder». A thematic analysis of the collected data resulted in four main topics: 1. «An experience of the relationship norms emphasizing the most important parts of the teacher’s role» 2. «An understanding of the individual’s background may lead to adapting ways of behaving and teaching to student’s different needs» 3. «Finding the balance between structure and affect to create safe boundaries» 4. «Developing common culture and language, making everyone pull in the same direction» The results are viewed considering theoretical concepts mainly within ecological system theory and social-cognitive learning theory. In addition, the concept of mentalization and relationship-, socioemotional- and cognitive skills and competence has been emphasized, as well as relevant previous research. The participants in the study experienced the relationship norms as useful in their everyday work, and the findings indicates that working with the relationship norms may have contributed to both strengthening the teacher’s relational practice and developing a collaborative school culture. I therefore discuss how collaborative school cultures can be developed through working with teachers’ relational practice, and how the student-teacher relationship can be strengthened by involving both students, parents and other key contributors in working with the relationship norms as well. Furthermore the role of the teacher is discussed from the view of MOT’s relationship norms, in particular the connection between the relationship norms in context of the authoritative perspective. It may seem that building competency on both sides of the relations, including other important adults close to the youth, can help strengthen the student-teacher relationship. Based on the findings I therefore argue that schools should work systematically and collectively to develop good relational practice.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title«Det er den der usynlige sekken.. Det kan gå veldig skeis viss du ikkje har ein relasjon til eleven og ikkje forstår kva som ligg bak» Ein kvalitativ studie av korleis ungdomsskulelærarar opplever at arbeidet med dei tre relasjonsnormene til MOT kjem til nytte i arbeidskvardagen
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel