Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMoen, Torill
dc.contributor.authorSkår, Camilla
dc.date.accessioned2021-09-28T17:27:52Z
dc.date.available2021-09-28T17:27:52Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:81826667:53449548
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784392
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractDenne studien kastar lys over temaet utagerande åtferd og korleis tre lærar på mellomsteget opplever og erfarer det å ha utagerande elevar i klassa si. Studien sitt formål er å få løfta fram lærarane si stemme i arbeidet med elevar som utagerer, og prøve å finne ut om dei har strategiar dei nyttar for å handterer og hjelpe desse elevane. Studien har følgjande problemstilling: Kva for erfaringar og opplevingar har tre kontaktlærarar i arbeidet med utagerande elevar på mellomsteget? For å få innsikt i informantane sine oppfatningar og refleksjonar om den aktuelle tematikken vart det nytta ei kvalitativ tilnærming med semistrukturerte intervju. I analysen av datamaterialet fann eg at lærarane snakka om pedagogiske utfordringar i arbeidet med utagerande elevar. Dei nemner uro og forstyrringar, elevar som lett blir lagt merke til av omgivnadane og enkelte elevar som kan ha vanskar med å forhalde seg til vaksenpersonar. Ut frå det lærarane fortel er dette eit arbeid som er utfordrande, og som krev ein del av dei som lærarar. Lærarane snakka også om klasseleiing og relasjonsbygging som viktige tema. Under temaet klasseleiing kom det fram at lærarane var opptatt av å gi elevane tydelege forventningar, klare rammer og struktur på dagane. Dei fortel at dei er opptatt av å leggje til rette for tilpassa opplæring og å vere føreseielege vaksne. Ut frå det dei fortel kan ein knytte dei opp mot autoritativ klasseleiing. Relasjonar er ein viktig del av den autoritative klasseleiinga, og det er også noko lærarane fortel at dei er opptatt av. Dei fortel at dei er opptatt av at elevane skal vite at dei bryr seg om dei og opparbeide tillit og respekt. Det siste tema som kom fram i analysen av datamaterialet var samarbeid. Samarbeid viser seg å vere viktig for å klare å hjelpe elevane. Eit godt samarbeid med heimen er eit viktig grunnlag for å kunne klare å hjelpe eleven. Lærarane kom også inn på samarbeid med eksterne aktørar, og opplevingane dei har hatt i møte med desse.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title«Det er min jobb å få dette til å fungere»
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel