Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEnge, Ole
dc.contributor.authorOsmundsen, Hege
dc.date.accessioned2021-09-28T17:24:38Z
dc.date.available2021-09-28T17:24:38Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:64504929:25192244
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784305
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractMålet med denne masteroppgåva har vore å undersøkje kva elevar seier om bruk av skriftlege tilbakemeldingar frå lærar i undervegsvurdering i matematikk. Utgangspunktet for oppgåva ligg i forsking som seier at tilbakemeldingar bidreg til auka læring hos elevane. Tanken på å få bedre innsikt i elevane sitt perspektiv og få informasjon om korleis dei brukar tilbakemldingane, har vore sentral for arbeidet. Forskingsspørsmålet for studen var fylgjande: Kva seier elevar på 8. trinn om deira bruk av tilbakemeldingar? Ved å snakke med elevar om deira erfaringar med slike tilbakemeldingar, har eg hatt moglegheit til å undersøkje kva dei seier om bruk av tilbakemeldingar i matematikk. For å svare på forskingsspørsmålet har eg sett på Feedbackmodellen til Hattie og Timperley, saman med deira teori om tilbakemeldingar og formativ vurdering. I tillegg har eg sett på Gamlem sin modell som viser støtte for læring gjennom utviklingstrinn og bruk av tilbakemeldingsinteraksjonar. Gamlem sin modell er basert på modellar frå Tharp og Gallimore og Mercer og Littleton. Desse modellane har eg nytta både som teorigrunnlag og som utgangspunkt for analysen. Studien byggjer på datamateriale frå fire intervju. Eg har foretatt ein kvalitativ studie frå tre ulike klassar på åttande trinn, ved same skulen. På bakgrunn av mine transkripsjonar av materialet har eg foretatt ein kategorisk analyse, kor målet har vore å skildre og kartleggje kva elevane seier om bruk av tilbakemeldingar. I analysen har eg sett at elevane bruker tilbakemeldingane ulikt, og at det varierer kva behov dei har for stillas i arbeidet etter at ei tilbakemelding er motatt. Nokre elevar tolkar eg som indre motivert for dette arbeidet, medan den eine eleven truleg representerer fleire, når eleven innrømmer at tilbakemeldinga ikkje alltid vert lest. Datamaterialet viser at formative tilbakemeldingar vert brukt. Med utgangspunkt i analysen kan det virke som at samarbeid er avgjerande for eleven for at tilbakemeldingane skal bli brukt, samtidig som eleven kan ha behov for dialog med lærar også etter at skriftleg tilbakemelding er gitt. Funna mine kan tolkast slik at tilbakemeldingar som eleven opplever som relevante er mest effektive med tanke bruk av tilbakemeldingane, og dermed også auka læringsutbytte.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleKva seier elevar på 8. trinn om deria bruk av tilbakemeldingar?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel