Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKristin Melum Eide
dc.contributor.authorKathrine Tranøy
dc.date.accessioned2021-09-24T18:36:00Z
dc.date.available2021-09-24T18:36:00Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:77883591:24402772
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781981
dc.description.abstractEngelsk er eit språk som har fått stor innverknad på det norske språksamfunnet, noko som kjem til uttrykk gjennom språklege lån frå engelsk til norsk. Denne bachelor-oppgåva tek for seg indirekte lån i form av kalkeringar. Anne-Mette Sunde (2019) har funne støtte for at slike lån ser ut til å auke med auka eksponering og kompetanse i språket. Eg byggjer på dette ved å sjå på korleis intensiv eksponering for engelsk i tidleg alder kan føre til auka aksept og bruk av kalkeringar. Oppgåva tek utgangspunkt i Sunde og Kristoffersen (2018) sin akseptabilitetsstudie som undersøkjer aksept og produksjon av kalkeringar på tvers av alder. Deira metode blir nytta på ein simultant tospråkleg informant med norsk og engelsk som morsmål, for å sjå korleis slik språkblanding arter seg når ein har morsmålskompetanse i begge språk. Bakgrunnen for dette er at engelske kalkeringar er observert i informanten sin spontane tale. Resultata viser at ho aksepterer relativt få kalkeringar i forhold til Sunde og Kristoffersen sine informantar, men produserer fleire i omsetjing frå engelsk til norsk. Dette blir forklart ved hjelp av Matras sin repertoarteori og Ullman sitt minnesystem. Til slutt i oppgåva argumenterer eg for at norske språkbrukarar sin språksituasjon blir meir lik situasjonen til min informant, som kan indikere at fleire kalkeringar vil bli spreidd og etablert i det norske språket.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleEngelske kalkeringar i norsk språk: Betydninga av intensiv eksponering for engelsk i tidleg alder
dc.typeBachelor thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel