Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBoasson, Frode Lerum
dc.contributor.authorHøvik, David Kvamme
dc.date.accessioned2021-09-24T18:34:46Z
dc.date.available2021-09-24T18:34:46Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:77752186:13159690
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781948
dc.description.abstractFormålet med denne oppgåva har vore å utforske korleis Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen framstiller avisa som maktmiddel i Redaktøren (1875) og Rosmersholm (1886). Med ei forankring i medieestetisk teori og Foucaultiansk maktteori argumenterer eg for at stykka kan lesast som kritiske medieanalysar av samtida dei spring ut frå og som opponering mot pressemediets makt over individet. Særskild viktig i analysen mi av pressa si makt er medieestetikaren Ulrik Schmidt sitt omgrep «det mediale rommet». Det mediale rommet er ei forståing av mediet som eit altomfattande miljø, altså som ein form for verd som ein kan tre inn i. Eg skil mellom det fysiske rommet, som er synleg for oss på teaterscena, og det mediale rommet, som er eit ikkje-fysisk rom der alle som les, skriv i, og vert omtala i avisa trer inn i når avisa vert lese. Vidare argumenterer eg for at maktutøvinga i teaterstykka bør lesast på to nivå; dialogen går føre seg i det fysiske rommet, men maktutøvinga skjer i det mediale rommet. I analysedelen viser eg at pressa sitt monopol i det mediale rommet er den primære årsaken til at avisa er eit maktmiddel i både Redaktøren og Rosmersholm. Eg hevder at dei to har det same målet, å ta eit oppgjer med pressa sitt monopol i det mediale rommet, men at dei brukar ulike middel for å nå målet. I Redaktøren vert individet ufrivillig innlemma i det mediale rommet, medan individet vert ufrivillig utestengt frå det i Rosmersholm. Analysen min er todelt. I fyrste del argumenterer eg for at Redaktøren ikkje er eit oppgjer med ein enkeltperson eller berre ein journalisttype, men med ein mediesituasjon. Dette gjer eg ved å vise at Bjørnsons kritikk går i begge retningar – han kritiserer både Redaktørens maktmisbruk og avislesarane sin dobbelmoral i ynsket om å observere, men ikkje å bli observert. I andre del undersøkjer eg korleis Rosmersholm framstiller pressa som ein moglegheit til å uttrykkje seg sjølv i ein polarisert tid og offentlegheit, men at alternative stemmer ikkje slepp til. Dette ser eg på som ein konsekvens av pressa sitt monopol i det mediale rommet.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title"Hvorfor kan jeg ikke være utenfor?" : Redaktøren (1875), Rosmersholm (1886) og den nyvunne avismakta på 1870- og 1880-talet i Noreg
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel