Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorWarberg, Silje Haugen
dc.contributor.authorAlme, Dina
dc.date.accessioned2021-09-24T18:33:21Z
dc.date.available2021-09-24T18:33:21Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:54845176:14511293
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781900
dc.description.abstractI denne oppgåva er det gjort ei undersøking av korleis lesaren si rolle endrar seg som følgje av utviklinga i det eg vil kalle truverdskampen mellom Arv og miljø (2016) og Fri vilje (2017). Her har eg undersøkt korleis den fiktive truverdskampen som utspela seg i Arv og miljø (2016) har endra seg over tid, og i takt med denne utviklar også lesaren si rolle seg. Lesaren si rolle er kompleks og kan gå inn i tre ulike lesemåtar i truverdskampen. Til å byrje med kunne vi forstå truverdskampen som ei dobbeltkontrakt, som den danske litteraturforskaren Poul Behrendt (2006) har skrive om. Denne dobbeltkontrakten var likevel ikkje omfattande nok, noko som gjorde til at vi kan sjå truverdskampen innafor ei trippelkontrakt. Med dette meiner eg at vi kan sjå dei tre lesemåtane innafor ei kontrakt som sameksisterer. Alle tre lesemåtane, som det intra-, inter- og kontekstuelle lesemåten samhandlar og sameksisterer i ei tolking. Denne lesinga med trippelkontrakten legg opp til at lesaren si rolle vert kompleks og aktivisert, for samtidig som truverdskampen kan bli oppfatta med to ulike framstillingsmåtar, så kan den også bli knytt til røyndommen. På denne måten kan lesarar ta aktivt stilling til om dei anten trur på framstillinga i AoM, og forstår far til Vigdis og Helga som ein kriminell valdtektsmann eller om dei trur på framstillinga i FV og trur at faren er utsett for usanne rykte og har ikkje forgripe seg på eit barn. Eg meiner at ved å lese truverdskampen på denne måten, så kjem fleire strukturar til syne, der begge to vil at vi som empiriske lesarar skal velje å tru deira side av truverdskampen. På den eine sida så får vi som lesarar inntrykk av kor vanskeleg og sårt det er for Bergljot å ikkje bli trudd av familien sin. Her kan vi oppfatte Bergljot sin truverdskamp som Vigdis sin, og at hennar minne er skildra i romanen. På den andre sida viser Nina i FV kor vanskeleg det er for familien å få høyre om seksuelle overgrep som ikkje er sanne. Her får vi som lesarar innblikk i kor sårt det er for familien å høyre om overgrepa etter faren sin død. Begge verka legg med andre ord opp til ei aktivisert og kompleks lesarrolle, som skal ta stilling til skuldingar om overgrep. Denne lesarrolla er langt frå uproblematisk, for begge legg opp til at empiriske lesarar skal ta aktivt stilling til ei hending. Denne oppgåva håpar eg kan gjere lesarar meir medvitne på si eiga rolle innafor den såkalla «virkelighetslitteraturen», og forstå at litteraturen er ein konstruksjon av røyndommen.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleEin kamp om truverd
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel