Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMalvik, Anders Skare
dc.contributor.authorBjørkedal, Helene Midtbø
dc.date.accessioned2021-09-24T18:32:22Z
dc.date.available2021-09-24T18:32:22Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:54845176:20409675
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2781871
dc.description.abstractI denne oppgåva undersøkjer eg forståing av humor og ironi hjå elevar i vidaregåande skule. Med kvalitativ analyse har eg undersøkt kva eit utval elevar gjev uttrykk for å forstå av humor og ironi når dei har analysert Are Kalvø sitt kåseri «Eg ler og eg ler og eg ler og eg ler!». Eg har undersøkt om tekstuttrykka i analysane deira peikar i retning av forståing av humor og ironi, og forsøkt å sette ord på kva elevane meistrar og ikkje. Oppgåva har fleire delar, og som eit supplement til hovudundersøkinga av elevtekstmaterialet har eg undersøkt fire læreverk som vert nytta i den vidaregåande skulen i dag. I undersøkinga av læreverka har eg sett etter kva verktøy desse læreverka gjev elevane for at dei skal kunne handtere arbeid med analyse av sakprosatekstar som kåseri. Undersøkinga gjev òg eit innblikk i kva framstilling læreverka gjev av verkemiddel som humor og ironi. Oppgåva er forankra i teori om ironi, retorikk, sakprosa og literacy, med eit særleg fokus på meiningsskaping, forståing og den opplæringa skulen gjev elevane for å kunne meistre ironi på ein haldbar måte. Funna i undersøkinga mi tyder på at dei fleste elevane slit med å forstå ironien i kåseriet dei analyserer. Fleire av dei er likevel på god veg mot forståing, og ei tettare oppfølging og tilbakemelding til elevane vil truleg gje dei betre føresetnader for å meistre ironi.
dc.description.abstract
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleDet er i det minste bra han har humor i livet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel