Show simple item record

dc.contributor.advisorLongva, Kjersti Kjos
dc.contributor.advisorHolm, Mari Liavaag
dc.contributor.authorHoff, Emma
dc.contributor.authorHøidal, Anne Line Skrede
dc.date.accessioned2021-09-14T17:04:51Z
dc.date.available2021-09-14T17:04:51Z
dc.date.issued2020
dc.identifierno.ntnu:inspera:59712753:59715329
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2776874
dc.description.abstractDenne masteroppgåva har som formål å utforske suksessfaktorane blant norske gründerar. Entreprenørskap har ei vesentleg betyding for eit land sin økonomiske vekst, fordi den skapar jobbar og bidreg til å forbetre levemåten vår ved å legge til rette for innovativ tenking (Bosma m. fl., 2020). Sidan gründerar er ein så viktig del av ein nasjons verdiskaping og vekst, er det viktig å ha informasjon innanfor entreprenørskapsfeltet for å forstå kva gründerane ser på som nødvendige faktorar for å lukkast. Ved å tileigne seg denne kunnskapen, blir det lettare for myndigheitene å forstå prosessen til gründerane, og dermed legge til rette for auka etableringsverksemd. Eit anna tema denne masteroppgåva tek føre seg, er om det er forskjellar blant gründerane basert på deira forskjellige bakgrunnar frå høgare utdanning. Har ei utdanning innan entreprenørskap vore avgjerande for gründerane sin suksess, eller har andre faktorar vore viktigare? Det teoretiske rammeverket for denne oppgåva er basert på blant andre den Norske GEM studien frå 2014 (Alsos m. fl., 2014), Nielsen m. fl. (2012) sin definisjon og inndeling av ressursar, samt studiar som har sett på effekten av utdanning innan entreprenørskap (Matlay, 2008; Oosterbek m. fl.,2010; Von Graevenitz m. fl., 2010). Oppgåva har ei kvalitativ tilnærming, der semistrukturerte intervju har blitt gjennomført. Utvalet består av seks gründerar, der tre av desse har utdanning innan entreprenørskap, medan dei resterande tre ikkje har bakgrunn frå høgare utdanning. Eit av funna frå denne oppgåva, er at dei faktorane gründerane ser på som avgjerande for sin suksess, er ganske like på tross av deira ulike bakgrunnar. Dei ulike suksessfaktorane er delt inn i tre typar ressursar; humane, sosiale og finansielle. Desse ressursane blir betrakta som viktige for å lukkast som gründer. Gründerane vil også møte på ulike utfordringar under etableringsfasa. Det å overkomme desse utfordringane, og halde ut gjennom vanskelege tider, blir sett på som ein av dei viktigaste suksessfaktorane til gründerane. Sjølv om mange av suksessfaktorane blant gründerane var like, var der også nokre forskjellar. Forskjellane mellom desse gruppene ser ut til å ha sitt utspring i gründerane sine forskjellige bakgrunnar innan høgare utdanning. Det å ha ei utdanning innanfor entreprenørskap blir sett på som nyttig, men nokre område for forbetring er foreslått. Det har vore lite forsking på norske gründerar, denne oppgåva håpar difor på å kunne bidra til ein rikare kunnskap innanfor feltet.
dc.description.abstractThis thesis aims to explore the success factors of Norwegian entrepreneurs. Entrepreneurship is essential in an economy’s growth because it creates jobs and contributes to improve our way of living by introducing innovative ways of thinking (Bosma et al., 2020). Since entrepreneurs are such an essential part of a nation’s wealth and growth, it is important to gain knowledge within the field of entrepreneurship, in addition to understand what the entrepreneurs consider as important factors in order to succeed. By gaining knowledge within this field, it will be easier for policy makers to understand the entrepreneurial process, and thereby have the opportunity to nurture and facilitate entrepreneurial behaviour. Another interesting aspect that this thesis will consider, is whether there are any differences among the entrepreneurs based on their different educational background. Has an education in entrepreneurship been essential for the entrepreneurs’ success, or have other factors been decisive? The theoretical framework of the thesis is, among others, based on the Norwegian GEM study from 2014 (Alsos et al., 2014), Nielsen et al.’s (2012) definition and categorization of resources, and studies that have looked at the effect on entrepreneurial education (Matlay, 2008; Oosterbeek et al., 2010; Von Graevenitz et al., 2010) This thesis builds upon a qualitative approach, in which semi-structured interviews have been conducted. The sample consist of six entrepreneurs, in which three have a higher education in entrepreneurship, and three without any type of higher education. One of the findings from this thesis is that what the entrepreneurs perceive as their main success factors are quite similar despite their different backgrounds. The different success factors are split into three types of resources; human, social and financial. These different resources are considered decisive in order for an entrepreneur to succeed. The entrepreneurs will also face different challenges during the entrepreneurial process. Overcoming these, and being persistent through challenging times, is perceived as one of their main success factors. Even though many of the success factors are similar, some differences were spotted. The differences among the two groups are believed to have its background in the entrepreneurs’ different educational backgrounds. Having an educational background in entrepreneurship is considered to be useful, but some areas of improvement are suggested. As research on Norwegian entrepreneurs are limited, this thesis hopes to contribute to a richer knowledge within the field.
dc.language
dc.publisherNTNU
dc.titleA qualitative study on Norwegian entrepreneurs’ perceived success factors and perception of entrepreneurial education
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record