Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEik, Ragnhild
dc.date.accessioned2015-02-10T11:39:05Z
dc.date.available2015-02-10T11:39:05Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/275722
dc.description.abstractI denne masteroppgåva blir det gitt ein syntaktisk og semantisk analyse av norske setningar med possessivt objekt, slik som «ho trakka han på foten». Analysen som blir foreslått, går ut på at slike setningar deler syntaktisk struktur med setningar som «ho gav han ein dytt i ryggen». Den siste av desse setningane har tidlegare blitt analysert i Åfarli (2007). Hovuddelen av oppgåva går såleis ut på å vise at denne tidlegare analysen også kan brukast på setningar som «ho trakka han på foten». I analysen blir det nytta ei nykonstruksjonistisk tilnærming til grammatikk. Denne tilnærminga har som utgangspunkt at den syntaktiske strukturen er uavhengig av dei leksikalske elementa i språket. Syntaktisk struktur blir med andre ord ikkje projisert frå verbet, slik det har vore vanleg å gå ut frå i andre generative grammatikkteoriar. Den nykonstruksjonistisk teorien vektlegg vidare den syntaktiske konstruksjonen som berar av meining. Gjennom heile denne masteroppgåva er spørsmålet om kva meiningsinnhald som er forbunde med nettopp den syntaktiske konstruksjonen som blir undersøkt, sentralt. Setningar med possessivt objekt inneheld eit kroppsdelsnomen som referer til ein kroppsdel som blir tolka som «eigd» av referenten til det possessive objektet. Desse setningane blir derfor også sette i samanheng med det større fenomenet uavhendeleg eigedom («inalienable possession»).nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectinalienable possessionnb_NO
dc.subjectuavhendeleg eigedomnb_NO
dc.subjectsyntaksnb_NO
dc.subjectsemantikknb_NO
dc.subjectnorsknb_NO
dc.subjectnykonstruksjonistisknb_NO
dc.titleSetningar med possessivt objekt i norsk - Ein nykonstruksjonistisk analyse av setningar som "ho trakka han på foten"nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel