Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrindheim, Liv Torunn
dc.date.accessioned2015-01-13T08:13:44Z
dc.date.available2015-01-13T08:13:44Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.isbn978-82-326-0570-5 (trykt utg.)
dc.identifier.isbn978-82-326-0571-2 (elektr. utg.)
dc.identifier.issn1503-8181
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/273981
dc.description.abstractAvhandlinga er eit bidrag til å forstå meir om barna sine kvardagsliv i barnehagen gjennom å få kjennskap til korleis barn, som kan sjåast som borgarar, gjer borgarskap. Barna si deltaking i kvardagsliva sine er forstått som å gjere borgarskap. Det er tatt utgangspunkt i problemstillinga: Kva kan gi høve til deltaking og korleis deltek barn i barnefellesskap i barnehagen? Ved å fylgje barna i feltarbeid inspirert av kritisk etnografi, i tre ulike norske barnehagar er målet å spore vilkår for deltaking som kan utvidast for å kome nærare demokrati forstått som utopien om likeverdig sameksistens. Barna i prosjektet er forstått som agentar; som skaparar av eigne erfaringar gjennom deltaking i barnehagen. Måten barna gjer borgarskap blir sett i lys av ei utvida forståing av læringsfellesskap hos Etienne Wenger, til det Gert Biesta skildrar som ‘educational cultures’, forstått som lærande fellesskap med særskilte verdibaserte mål. Vilkår og deltaking er sett som gjensidig avhengige av kvarandre, situert i konkrete, ulike barnefellesskap og barnehagar. Deltaking som prosessar og kime til endring, mot større grad av likeverdig sameksistens, er operasjonalisert som deltaking som uroar. Studien viser uventa samanhenger og deltakingsmåtar som kan sjåast som relevante for barneborgarar si demokratiske danning. Leiken trer fram som sentral både som vilkår for deltaking, og for måtar å delta på. Det er det ein leikar, til dømes sosial fantasileik, puslespel eller gøyme-og-fange-leik som konstituerer situerte leikande barnefellesskap. Forskjellige leikar og leiketøy representerer ulike vilkår for deltaking. Det viser seg også at barn i leikande fellesskap kan vere med å snu på etablerte maktposisjonar mellom barn og vaksne. I tillegg til leik, trer også «motstand» og «sinne» fram som deltakingsformer som synleggjer vilkår som kan utvidast slik at fellesskapet kan kome nærare utopien om likeverdig fellesskap. Vilkår som blir aktualisert gjennom deltakinga til barna er spora som forventningar til barn og leik, innreiing av rom, arkitektur, dagsrytme og rutinar for gruppedeling. Studien om kvar og korleis barneborgarane deltek i kvardagsliva sine viser demokratisk danning som kontekstuelle felleserfaringar i ein pågåande prosess.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.haspartPaper 1: Grindheim, Liv Torunn. Barnefellesskap som demokratisk danningsarena : kva kan gje høve til medverknad i leik i barnehagen?. Nordisk Barnehageforskning 2011 ;Volum 4.(2) s. 91-102 This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.
dc.relation.haspartPaper 2: Grindheim, Liv Torunn. Puslespel som utgangspunkt for demokratisk dannande praksisar i barnehagen?. I: Barnehagen som danningsarena. Fagbokforlaget 2012 ISBN 978-82-450-1153-1. s. 201-221
dc.relation.haspartPaper 3: Grindheim, Liv Torunn. Barns motstand som demokratisk deltaking i basebarnehagen. Utbildning och Demokrati 2013 ;Volum 22.(2) s. 37-57
dc.relation.haspartPaper 4: Grindheim, Liv Torunn. 'I am not angry in the kindergarten!' interruptive anger as democratic participation in norwegian kindergartens. Contemporary Issues in Early Childhood 2014 ;Volum 15.(4) s. 308-318 http://dx.doi.org/10.2304/ciec.2014.15.4.308 Reprinted by permission of SAGE Publications
dc.titleKvardagslivet til barneborgarar: Ein studie av barna si deltaking i tre norske barnehagarnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Social work: 360nb_NO
dc.description.localcodeDoktoravhandlinger ved NTNU, 2014:329nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel