Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKnutsen, Bård
dc.contributor.advisorSvendsen, Bodil
dc.contributor.authorAarberg, Kevin René
dc.date.accessioned2020-12-15T14:04:18Z
dc.date.available2020-12-15T14:04:18Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2719636
dc.description.abstractDei siste åra har elevar med stort læringspotensial fått meir merksemd i samband med realfagssatsinga. Det er ei utbreidd haldning i skulen at dei flinke elevane klarar seg sjølv. Studiar viser at dersom elevar med stort læringspotensial ikkje vert møtt i skulesamanheng, kan dette føre til sosiale, akademiske, og emosjonelle problem (Børte, Lillejord & Johansson, 2016). Hausten 2016 vart det sett i gang eit nasjonalt tiltak for desse elevane. Fire Talentsenter skal bidra til at fleire høgtpresterande elevar får ei fagleg utfordring i realfaga og møte likesinna elevar. Denne studien har som hensikt å belyse elevane sine opplevingar av dette tiltaket. Då dette tiltaket er nytt i Noreg, kan denne studien bidra til innsikt i feltet. Studien si overordna problemstilling er: Korleis opplever elevane eiga læring på Talentsenteret i Trondheim? For å svare på problemstillinga vart det utarbeida tre forskingsspørsmål: 1. Korleis opplever elevane eiga læringsutbytte på Talentsenteret samanlikna med skulen? 2. Korleis opplever elevane samarbeid for eiga læring? 3. Korleis opplever elevane læringssituasjonen på Talentsenteret? For å undersøkje forskinsspørsmåla vart det nytta ein kasusstudie, med tre intervju og eit spørjeskjema som forskingsmetode. Denne studien viser at elevane opplever å få eit meir fagleg utbytte av Talentsenteret, samt større innsikt i den naturvitskaplege prosessen. Det er i hovudsak på grunn av ei differensiert undervising av innhald, prosess, produkt og læringsmiljø. Funn peikar på at elevane oppfattar eit skifte frå eit prestasjonsorientert miljø på skulen, til eit læringsorientert miljø på Talentsenteret. Dette bidreg til at elevane i større grad får moglegheit til å trene på uthald i læringsprosessen, enn i sine eigne klasser. Vidare peikar funna på at rolla som hjelpelærar på skulen, spesielt i gruppene, kan vere læringshemmande. Då det er eit jamt nivå blant elevane tykkjer elevane sjølv at rolla som hjelpelærar er fråverande på Talentsenteret. Vidare opplever dei at behovet for kompetanse, tilbøyelegheit og autonomi vert i større grad dekka på Talentsenteret. Elevane tykkjer sjølv at fleire bidreg i større grad til ei felles læring i gruppene, og føretrekker prestasjonslike grupper framfor dei heterogene gruppene på skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNTNUen_US
dc.titleTalentsenter som læringsarena for elevar med stort læringspotensial - Ein kasusstudie av elevane sine opplevingar av læring på Talentsenteret i Trondheimen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel