Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFikse, Camillanb_NO
dc.contributor.authorMidtbø, Nelly Annnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:45:21Z
dc.date.available2014-12-19T14:45:21Z
dc.date.created2013-09-17nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier648870nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/271776
dc.description.abstractDet overordna tema for denne masteroppgåva er sjølvforståing i ein attføringsprosess. Oppgåva har til hensikt å belyse problemstillinga: Korleis opplever personar som går gjennom ein attføringsprosess seg sjølve? Q-metoden blei valt som metodisk tilnærming for å gi svar på oppgåvas problemstilling. 16 attføringsdeltakarar har med utgangspunkt i problemstillinga sortert 36 utsegner ut ifrå kor einige eller ueinige dei er i utsegnene. Sorteringane til forskingsdeltakarane danna grunnlaget for faktorpresentasjon og seinare faktordrøfting. Utsegnene blei laga ved hjelp av Fishers balanserte blokkdesign. Designen omfattar relasjon til rettleiar, syn på utvikling og kontrollplassering. På bakgrunn av faktoranalysen som blei gjort i programmet PQMethod, kom det til syne tre faktorar. Desse skildrar tre ulike syn forskingsdeltakarane har på seg sjølve i ein attføringsprosess, og eg gav dei namn som oppsummerer deira subjektivitet. Faktor 1 fekk namnet: Ansvar for eige liv, då den viser ansvar for eigen attføringsprosess og eiga framtid. Den har eit positivt syn på NAV-systemet og sitt utviklingspotensial. Det kom også fram at støtte frå ein rettleiar er verdifullt i attføringsprosessen, men ikkje naudsynt. Faktor 2 fekk namnet: NAV-systemet legg hindringar for meg, men trass i dette kan eg endre min arbeidssituasjon. Som namnet viser, har faktoren ei negativ oppleving av NAV. Vidare kom det fram at den har tru på sitt utviklingspotensial. Relasjon til rettleiar framstår som nyttig, men den er ikkje avhengig av han eller ho for å finne ei løysing på attføringsprosessen. Faktor 3 fekk namnet: Støtte frå rettleiar er naudsynt. Denne faktoren framstår som avhengig av ein rettleiar i attføringsprosessen. Vidare har den eit meir pessimistisk syn på sine evner og sitt utviklingspotensial. Desse funna blei i drøftingskapittelet drøfta og sett i lys av relevant teori.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskapnb_NO
dc.titleSjølvforståing i ein attføringsprosess: Ei Q-metodisk undersøking av 16 attføringsdeltakarar si sjølvforståing i ein attføringsprosessnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber54nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel