Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKlomsten, Anne Torhildnb_NO
dc.contributor.authorKnutsen, Lone Ellingvågnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:45:03Z
dc.date.available2014-12-19T14:45:03Z
dc.date.created2012-01-06nb_NO
dc.date.issued2011nb_NO
dc.identifier473606nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/271672
dc.description.abstractFokuset for denne masteroppgåva har vore å undersøke kva opplevingar deltakarane i ei ressursgruppe for studentar med AD/HD og liknande utfordringar har. Studien vil spesielt belyse korleis tre informantar frå denne gruppa opplever det å vere studentar og deltakarar i gruppa, og kva opplevingar dei har i forhold til meistring av studiane og synet på seg sjølv. Teoretisk utgangspunkt har vore kva ressursgruppa er, og korleis dette tilbodet står i forhold til definisjonar av mellom anna rådgjevingsgrupper, støttegrupper og sjølvhjelpsgrupper, og forsking gjort på slike grupper. Vidare vart det nytta ulike teoriar og tradisjonar som forklarar omgrepet sjølvoppfatning. For å gjere greie for prosessen deltakarane har vore igjennom kom ein slik innom teoriar om myndiggjering, bevisstgjering og det å vere agent i eige liv. For å svare på problemstillinga vart kvalitativ metode med inspirasjon frå fenomenologisk tilnærming nytta. Analysen vart gjennomført ved å kategorisere dei tema som kom fram i intervjua. Ved å bruke setningar, ord og uttrykk frå det informantane fortalde forma det seg tre hovudkategoriar; meistring, solidaritet og synet på seg sjølv. Desse gav også ramma for ei forståing og ein kunnskap om dei erfaringane og opplevingane informantane har gjort seg. Hovudfunna til studien ligg i forhold til opplevinga av å vere i ressursgruppa og det meir positive synet informantane no har på seg sjølv og si forventning til meistring av studiekvardagen.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskapnb_NO
dc.subjectSocial and Behavioural Science, Lawen_GB
dc.title"I can actually do stuff": Ein kvalitativ studie om opplevinga av å vere i ei ressursgruppe og deltakarane sitt syn på seg sjølv og forventningar til meistring.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber54nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel