dc.contributor.advisor | Klomsten, Anne Torhild | nb_NO |
dc.contributor.author | Knutsen, Lone Ellingvåg | nb_NO |
dc.date.accessioned | 2014-12-19T14:45:03Z | |
dc.date.available | 2014-12-19T14:45:03Z | |
dc.date.created | 2012-01-06 | nb_NO |
dc.date.issued | 2011 | nb_NO |
dc.identifier | 473606 | nb_NO |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/271672 | |
dc.description.abstract | Fokuset for denne masteroppgåva har vore å undersøke kva opplevingar deltakarane i ei ressursgruppe for studentar med AD/HD og liknande utfordringar har. Studien vil spesielt belyse korleis tre informantar frå denne gruppa opplever det å vere studentar og deltakarar i gruppa, og kva opplevingar dei har i forhold til meistring av studiane og synet på seg sjølv.
Teoretisk utgangspunkt har vore kva ressursgruppa er, og korleis dette tilbodet står i forhold til definisjonar av mellom anna rådgjevingsgrupper, støttegrupper og sjølvhjelpsgrupper, og forsking gjort på slike grupper. Vidare vart det nytta ulike teoriar og tradisjonar som forklarar omgrepet sjølvoppfatning. For å gjere greie for prosessen deltakarane har vore igjennom kom ein slik innom teoriar om myndiggjering, bevisstgjering og det å vere agent i eige liv.
For å svare på problemstillinga vart kvalitativ metode med inspirasjon frå fenomenologisk tilnærming nytta. Analysen vart gjennomført ved å kategorisere dei tema som kom fram i intervjua. Ved å bruke setningar, ord og uttrykk frå det informantane fortalde forma det seg tre hovudkategoriar; meistring, solidaritet og synet på seg sjølv. Desse gav også ramma for ei forståing og ein kunnskap om dei erfaringane og opplevingane informantane har gjort seg. Hovudfunna til studien ligg i forhold til opplevinga av å vere i ressursgruppa og det meir positive synet informantane no har på seg sjølv og si forventning til meistring av studiekvardagen. | nb_NO |
dc.language | nor | nb_NO |
dc.publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskap | nb_NO |
dc.subject | Social and Behavioural Science, Law | en_GB |
dc.title | "I can actually do stuff": Ein kvalitativ studie om opplevinga av å vere i ei ressursgruppe og deltakarane sitt syn på seg sjølv og forventningar til meistring. | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 54 | nb_NO |
dc.contributor.department | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskap | nb_NO |