Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMyrset, Anne Jordalnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:40:53Z
dc.date.available2014-12-19T14:40:53Z
dc.date.created2011-10-05nb_NO
dc.date.issued2011nb_NO
dc.identifier445969nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/270270
dc.description.abstractDenne oppgåva samanliknar synet på europeisk integrasjon, og nasjonale presentasjonar, i svenske og norske samfunnsfagbøker frå gymnas/vidaregåande skule. Problemstillingane er: Korleis vert europeiske integrasjonsforsøk, og debattane kring medlemskap i europeiske samarbeidsorganisasjonar, presentert i norske og svenske lærebøker i historie og samfunnsfag i tre ulike tidsepokar? På kva måte vert innslag av det nasjonale presentert i dei respektive landa sine lærebøker, når ein ser det i samband med framstillinga av europeisk integrasjon? Både ein vertikal og ein horisontal inngang til analyse er teken i bruk for å svare på desse spørsmåla. Det diakrone perspektivet ser på utviklinga av bøker frå 1960-talet og fram til 2000-talet, medan den synkrone vinklinga dreier seg om likskapar og forskjellar mellom bøker i Sverige og Noreg. Målet er å vise kva bilete tekstene gjev av emna i problemstillinga, og på grunnlag av presentasjonane avdekkje rådande nasjonale og historiske diskursar. Metoden som er nytta er ein kritisk innhaldsanalyse, basert på element frå teorigrunnlaget til Norman Fairclough og Mikhail Bakhtin. Historiske kontekstar er eit avgjerande forklaringselement i drøftinga av funna. Analysen peikar mot at det til dels er store forskjellar mellom presentasjonane. Svenske bøker er meir konsensusprega enn norske, og dei uttrykkjer jamt over ei positiv haldning til europeisk integrasjon. Norske bøker er meir opptekne av å presentere norske vilkår og konsekvensar av EEC/EF/EU-debattane. Dei har generelt sett mål om å vise til at debattane om europeisk integrasjon har to sider. Dei to motstridande posisjonane i spørsmålet om europeisk integrasjon får ikkje plass i svenske bøker. Emne om suverenitet og sjølvråderett har vesentleg større plass i dei norske bøkene. Dette heng i stor grad saman med den tunge vekta på den norske Grunnlova. Historiske endringar får klåre konsekvensar for grunngjevingar og forklaringar på spørsmål knytt til europeisk samarbeid. I tillegg verkar samtidshistorikaren sin ståstad å vere førande presentasjonane. Legitimeringsgrunnlaget for kvifor ein har eit europeisk samarbeid endrar seg difor frå vere økonomisk fundert til å presentere europeisk integrasjon som resultat av eit fredsprosjekt.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Program for lærerutdanningnb_NO
dc.subjectSocial and Behavioural Science, Lawen_GB
dc.subjectFagdidaktikkno_NO
dc.titleHaldningar til europeisk intergrasjon: Ein komparativ analyse av svenske og norske lærebøkernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Program for lærerutdanningnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel