Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJohansen, Kristel Byenb_NO
dc.contributor.authorSolem, Ingridnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:39:51Z
dc.date.available2014-12-19T14:39:51Z
dc.date.created2014-07-31nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier735726nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/269973
dc.description.abstractFor elevar som ikkje har eit tilfredsstillande utbytte av den ordinære undervisninga, skal det med bakgrunn i Opplæringslova (1998) § 5-1 utformast ei individuell opplæringsplan [IOP] som viser korleis eleven kan få eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Å utforme ein IOP er å skreddarsydd ei opplæringsplan til ein spesifikk elev som kan nyttast som eit arbeidsreiskap i undervisinga. For ein elev med alvorleg grad av cerebral parese [CP] vil ikkje denne skreddarsyinga handle om individuell tilpassing av kompetansemål i læreplanverket, men om å legge til rette for ei kvalitativ annleis opplæring. Denne masteroppgåva legg difor vekt på kva som blir opplevd som ei hjelp og ei støtte for lærarar ved utforming av ein IOP, og er bygd på kvalitativt intervju med tre lærarar som har erfaring frå elevar med alvorleg grad av CP. Problemstillinga for oppgåva var: Kva hjelp og støtte opplever lærarar er tilgjengelege ved utforming med individuelle opplæringsplaner for elevar med alvorleg grad av cerebral parese, og korleis kunne denne hjelpa blitt gjort betre? For å finne ut av problemstillinga sette eg fokus på fire områder, kva lærarane tenkte omkring IOP, kva dei nytta av hjelp og støtte ved utforming av IOP, korleis dei arbeida for å komme fram til måla som blei nedfelt i ein IOP og korleis dei såg for seg at utformingssituasjonen kunne blitt gjort betre. Funna viste at ein IOP blei brukt som eit reiskap i undervisinga og hadde ein praktisk nytteverdi i skulekvardagen. Deltakarane uttrykte at dei opplevde ansvaret med å utforme ein IOP som greitt, men omfattande. Av hjelp og støtte ved utforming av ein IOP blei det vist til tilrettelegging frå leiinga og godt samarbeid med heimen, internt på skulen og eksternt. Leiinga var sentral i arbeidet med utforming av IOP gjennom at dei kunne legge til rette rammevilkåra for lærarane. Det blei også vist til at engasjement frå leiinga hadde innverknad på lærarane. Å ha samarbeidspartnarar å drøfte ein IOP og ein eleven med blei av deltakarane sett på som ei støtte og ei tryggheit, og ein måte å lette ansvaret som kan fylgje med utforming av IOP. Samarbeid med ulike samarbeidspartnarar blei av deltakarane opplevd som viktig og nyttig for å kunne gje elevane ei forsvarleg opplæring som famnar alle områda eleven treng å få oppfylging på. Ifylgje Opplæringslova (1998) skal det alltid utformast ei sakkunnig vurdering når eleven har behov for spesialundervisning og IOP. Men funna i denne masteroppgåva viste at nytteverdien av ei sakkunnig vurdering som hjelp og støtte ved utforming av IOP kan varierer. I samsvar med Rognhaug (1999), Tidemand-Andersen (2008) og Horgen (2010) kom det fram at deltakarane i mindre grad nytta læreplanverket som støtte ved val av kva mål som skulle nedfellast i ein elev sin IOP. Målvalet blei hovudsakeleg basert på kjennskap til eleven og kva dei meinte eleven ville trenge vidare i livet. For lærarane handla det om å fylgje den raude tråden i utviklinga til eleven. I tillegg ytra dei at drøfting med samarbeidspartnarar som enten har meir eller anna kompetanse enn seg sjølv eller personar som kjenner eleven betre blei viktige i målvalet. Ved fokus på kva som kunne gjort hjelp og støtte til lærarar ved utforming av IOP betre, gav alle deltakarane uttrykk for verdien av nok tid og at dei gjerne skulle hatt betre tid. Tid til utforming av IOP, tid til samarbeid og meir tid til å bli kjent med eleven. Nettverksgruppe mellom lærarar med like jobbar blei også nemnt som eit forslag til kva som hadde vore formålstenleg. Det er ein måte å lære av kvarandre og bli tryggare i at dei vala ein tek er mest mogleg positivt utviklande for eleven. Vi sprenger grenser er eit tiltak som er presentert i den same meldinga til stortinget. Drøfting omkring dette tiltaket viser at det ser ut til å vere eit formålstenleg tiltak, men det krevjar at det blir lagt til rette og prioritert av leiinga.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO
dc.subjectIOPno_NO
dc.subjectcerebral pareseno_NO
dc.titleHjelp og støtte ved utforming av IOP til elevar med alvorleg grad av cerebral parese: Ei kvalitativ studie av lærarar si oppleving av hjelp og støtte ved utforming av individuelle opplæringsplaner og korleis denne hjelpa kunne blitt gjort betrenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber72nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Pedagogisk instituttnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel