• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for lærerutdanning
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for lærerutdanning
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Det kritiske klasserom - Ei kvalitativ studie av lærarars forståing og operasjonalisering av elevar sine kritiske evner i samfunnsfaget

Worren, Henning
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Henning Worren (1.299Mb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2687013
Date
2017
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for lærerutdanning [1427]
Abstract
Denne masteroppgåva er ei kvalitativ undersøking av kva seks lærarar i samfunnsfag tolkar det inneberer å vere ein kritisk tenkande person, og korleis dei operasjonaliserer utviklinga av slike evner i skulen. Kritiske evner innehar stor grad av aktualitet i norsk skule i dag, blant anna gjennom Ludvigsenutvalet sine formodningar om den auka relevans kritiske evner vil ha i åra som kjem. Elevane skal vurdere og reflektere kring informasjon dei vert gitt. Dei skal kunne gjere opp sine eigne meiningar, og vere villig til å uttrykkje desse meiningane i klasserommet. Som fundament for vurdering av empirien min har eg designa eit teoretisk rammeverk med fokus på demokratiske verdiar som utvikling av kritiske evner avhenger av og kan utnyttast gjennom, samt vektlegging av eit danningsideal som set kritiske evner i sentrum. Empirien består av kvalitative intervju med seks lærarar som arbeider med samfunnsfag på vidaregåande trinn. Analysen av desse intervjua tek utgangspunkt i ei sosialkonstruktivistisk og hermeneutisk forståing, og blir vurdert i lys av kriteria eg la fram i teoridelen.

Blant funna som er gjort i oppgåva peikast det av lærarane på ei utvikling der elevane i mindre grad enn før er kritiske til læraren sin metodebruk og val av lærestoff i skulen. Mange av informantane meiner til dømes der er mindre debatt i skulen enn det var for tjue-tretti år sidan, og elevane er reddare for å ta ordet i klasserommet og uttrykkje ueinigheit med andre. Lærarane sine avgrensingar i kva dei tek opp i klasserommet av kontroversielle saksforhold går i all hovudsak på personnivå, der dei endrar tilnærming til eit tema dersom der er elevar i elevgruppa som har erfaringar knytt temaet som skal takast opp.

Lærarane har ulike tolkingar av kva det inneberer å vere ein kritisk tenkande person. Medan ei gruppe vektlegg aspektet kring vurdering av informasjon for å finne fram til fakta, tenkjer andre at det i større grad handlar om ein inneverande motivasjon til å setje spørsmål ved saksforhold gjennom skepsis og undring. Den største utfordringa lærarane gjev uttrykk for at dei har i utviklinga av kritiske evner i klassene sine, er å få elevane til å delta aktivt i diskusjonar og ytre sine meiningar i klasserommet.
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit