Kva faktorar kan vere med å påverke og stabilisere blodglukosen til ungdom med diabetes mellitus type 1
Abstract
Samandrag
Formålet med oppgåva: Er å setje lys på kva faktorar som kan vere med å påverke og stabilisere blodglukosen til ungdom med diabetes mellitus type 1. Det er ein aukande førekomst av diabetes type 1. Dermed er viktig at sjukepleiaren er fagleg oppdatert om ulike faktorar som påverkar diabetes type 1.
Metode: Denne systematiske litteraturstudien byggjer på ei klart definert problemstilling, som blir løyst ved å identifisere, velje, vurdere og analysere relevant forsking. Litteratursøket vart gjort ved bruk av databasen CHINAL. Relevant teori vart innhenta frå fagbøker og forskingsstudiar.
Resultata:Studiane viser fleire faktorar som kan påverke og stabilisere blodglukosen til ungdom med diabetes mellitus type 1. Karbohydrat, protein og feitt er makroernæringsstoff som aukar blodglukosen. For å redusere blodglukosen etter inntak av eit måltid, må ein tilføre insulin. Det regimet som gjev mest stabil blodglukose er insulinpumperegimet. Fysisk aktivitet aukar insulinsensitivitet og gjev ein reduksjon i insulindoseringa. Variable funn om aktivitet gjev ein stabil blodglukose. Psykologiske strategiar og undervisning om dei ulike faktorane er nødvendig for å oppnå ein stabil blodglukose.
Konklusjon: Sjukepleiaren må gje undervisning og opplæring i ulike faktorar som ernæring, fysisk aktivitet, psykologiske strategiar og insulintilførsel, for at ungdom med diabetes type 1 kan handtere ulike faktorar som påverkar blodglukosen. Abstract
Purpose: This study focuses of factors that may affect and stabilize the blood glucose of adolescents with type 1 diabetes. There is an increasing occurrence of adolescents who diagnosed with type 1 diabetes. It is important that the nurse has knowledge about factors that affect the blood glucose.
Method: The literature study is based on a clearly defined thesis question, which is solved by identifying, selecting, assessing and analysing relevant research. The systematic literature search, was done by using the database CHINAL. Relevant theory was collected from academic books and research studies.
Result: The studies show several factors that can stabilize and improve glycemic control in youth with type 1 diabetes. Carbohydrate, protein and fat are macronutrients that increase blood glucose. In order to reduce blood glucose after eating a meal, insulin must be added. Treatment with a tubeless insulin pump was associated with improvements in glycemic control. Physical activity of different intensities improves insulin sensitivity and decreases daily insulin dosage. There were variable results of activity giving a stable blood glucose. Psychological strategies and instruction in various factors are needed to get a stable blood glucose.
Conclusion: Various factors can affect the blood glucose, such as nutrition, physical activity, psychological strategies and treatment with insulin pump. The nurse is responsible to instruct and inform youth with type 1 diabetes, about these factors.