Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorVatten, Larsnb_NO
dc.contributor.advisorRomundstad, Pålnb_NO
dc.contributor.authorMørkedal, Bjørnnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:22:46Z
dc.date.available2014-12-19T14:22:46Z
dc.date.created2012-01-17nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier479217nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-471-3266-1nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/264465
dc.description.abstractBlodtrykk, fedme, og jern- og feittinnhald i serum som risikofaktorar for iskjemisk hjartesjukdom Det er gjort mange studiar på risikofaktorar for iskjemisk hjartesjukdom der blodtrykk, fedme, jern og lipidar har vist seg å spele ei rolle. Det er fleire som dør av hjartesjukdom relatert til høgt blodtrykk i eldre aldersgrupper, men den relative risikoen har vist seg å vere høgare hjå yngre. Det er uklart korleis fedme innverkar på samspelet mellom blodtrykk og død av hjartesjukdom; nokon meiner tynne har større risiko, medan andre meiner dei tjukke er mest utsette. Jern si rolle er også uklar; nokon meiner det er større risiko med for mykje, andre med for lite. Vidare er det mange ulike måtar å måle blodtrykk, fedme og lipidar på. Dei som har vist seg å gje mest informasjon i forhold til risiko for død av hjartesjukdom er gjennomsnittet av systolisk og diastolisk blodtrykk, forholdstalet mellom midje- og hoftemål justert for kroppsmasseindeks, og forholdstalet mellom total- og HDL-kolesterol. Gjennom kopling av data frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag og Dødsårsaksregisteret har vi undersøkt samanhengen mellom blodtrykk og hjartesjukdom, og korleis alder og kroppsmasseindeks spelar inn på denne samanhengen. Vidare har vi undersøkt samanhengen mellom jernstatus i blod og risiko for død av hjartesjukdom, og korleis oppfølgingstida spelar inn på denne samanhengen. Vi har også undersøkt ulike indeksar av blodtrykk, fedme og lipidar for å finne ut kva indeks som gjev mest informasjon i forhold til risikoen for død av hjartesjukdom. Vi fann at samanhengen mellom blodtrykk og død av hjartesjukdom var mykje sterkare hjå dei under 65 år enn dei over. Denne samanhengen var også sterkare blant dei tynne enn blant overvektige og tjukke. Vidare fann vi at lågt jerninnhald i blodet var relatert til auka risiko for død av hjartesjukdom, og at denne risikoen var sterkast tidleg i oppfølgingstida. Vi fann også at systolisk blodtrykk hjå menn og pulstrykk hjå kvinner, forholdstalet mellom midje- og hoftemål justert for kroppsmasseindeks hjå menn og kvinner, og forholdstalet mellom total- og HDL-kolesterol hjå menn og kvinner gav mest informasjon i forhold til risiko for død av hjartesjukdom.nb_NO
dc.languageengnb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitetnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoctoral Theses at NTNU, 1503-8181; 2012:6nb_NO
dc.relation.ispartofseriesDissertations at the Faculty of Medicine, 0805-7680; 526nb_NO
dc.relation.haspartMørkedal, Bjørn; Romundstad, Pål R; Vatten, Lars J. Mortality from ischaemic heart disease. Journal of Epidemiology and Community Health. (ISSN 0143-005X). 65(9): 814-9, 2011. 10.1136/jech.2009.094110. 20466710.nb_NO
dc.relation.haspartMørkedal, Bjørn; Laugsand, Lars E; Romundstad, Pål R; Vatten, Lars J. Mortality from ischaemic heart disease. European Journal of Cardiovascular Prevention & Rehabilitation. (ISSN 1741-8267). 18(5): 687-94, 2011. 10.1177/1741826710390134. 21450624.nb_NO
dc.relation.haspartMørkedal, Bjørn; Romundstad, Pål R; Vatten, Lars J. Informativeness of indices of blood pressure, obesity and serum lipids in relation to ischaemic heart disease mortality. European Journal of Epidemiology. (ISSN 0393-2990). 26(6): 457-61, 2011. 10.1007/s10654-011-9572-7. 21461943.nb_NO
dc.titleBlood pressure, obesity, serum iron and lipids as risk factors of ischaemic heart disease.:  The HUNT study, Norway.nb_NO
dc.title.alternativeBlodtrykk, fedme, og jern- og feittinnhald i serum som risikofaktorar for iskjemisk hjartesjukdom.nb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.source.pagenumber126nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det medisinske fakultet, Institutt for samfunnsmedisinnb_NO
dc.description.degreePhD i samfunnsmedisinnb_NO
dc.description.degreePhD in Community Medicineen_GB

Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel