Blood pressure, obesity, serum iron and lipids as risk factors of ischaemic heart disease.: The HUNT study, Norway.
Abstract
Blodtrykk, fedme, og jern- og feittinnhald i serum som risikofaktorar for iskjemisk hjartesjukdom
Det er gjort mange studiar på risikofaktorar for iskjemisk hjartesjukdom der blodtrykk, fedme, jern og lipidar har vist seg å spele ei rolle. Det er fleire som dør av hjartesjukdom relatert til høgt blodtrykk i eldre aldersgrupper, men den relative risikoen har vist seg å vere høgare hjå yngre. Det er uklart korleis fedme innverkar på samspelet mellom blodtrykk og død av hjartesjukdom; nokon meiner tynne har større risiko, medan andre meiner dei tjukke er mest utsette. Jern si rolle er også uklar; nokon meiner det er større risiko med for mykje, andre med for lite. Vidare er det mange ulike måtar å måle blodtrykk, fedme og lipidar på. Dei som har vist seg å gje mest informasjon i forhold til risiko for død av hjartesjukdom er gjennomsnittet av systolisk og diastolisk blodtrykk, forholdstalet mellom midje- og hoftemål justert for kroppsmasseindeks, og forholdstalet mellom total- og HDL-kolesterol.
Gjennom kopling av data frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag og Dødsårsaksregisteret har vi undersøkt samanhengen mellom blodtrykk og hjartesjukdom, og korleis alder og kroppsmasseindeks spelar inn på denne samanhengen. Vidare har vi undersøkt samanhengen mellom jernstatus i blod og risiko for død av hjartesjukdom, og korleis oppfølgingstida spelar inn på denne samanhengen. Vi har også undersøkt ulike indeksar av blodtrykk, fedme og lipidar for å finne ut kva indeks som gjev mest informasjon i forhold til risikoen for død av hjartesjukdom.
Vi fann at samanhengen mellom blodtrykk og død av hjartesjukdom var mykje sterkare hjå dei under 65 år enn dei over. Denne samanhengen var også sterkare blant dei tynne enn blant overvektige og tjukke. Vidare fann vi at lågt jerninnhald i blodet var relatert til auka risiko for død av hjartesjukdom, og at denne risikoen var sterkast tidleg i oppfølgingstida. Vi fann også at systolisk blodtrykk hjå menn og pulstrykk hjå kvinner, forholdstalet mellom midje- og hoftemål justert for kroppsmasseindeks hjå menn og kvinner, og forholdstalet mellom total- og HDL-kolesterol hjå menn og kvinner gav mest informasjon i forhold til risiko for død av hjartesjukdom.
Has parts
Mørkedal, Bjørn; Romundstad, Pål R; Vatten, Lars J. Mortality from ischaemic heart disease. Journal of Epidemiology and Community Health. (ISSN 0143-005X). 65(9): 814-9, 2011. 10.1136/jech.2009.094110. 20466710.Mørkedal, Bjørn; Laugsand, Lars E; Romundstad, Pål R; Vatten, Lars J. Mortality from ischaemic heart disease. European Journal of Cardiovascular Prevention & Rehabilitation. (ISSN 1741-8267). 18(5): 687-94, 2011. 10.1177/1741826710390134. 21450624.
Mørkedal, Bjørn; Romundstad, Pål R; Vatten, Lars J. Informativeness of indices of blood pressure, obesity and serum lipids in relation to ischaemic heart disease mortality. European Journal of Epidemiology. (ISSN 0393-2990). 26(6): 457-61, 2011. 10.1007/s10654-011-9572-7. 21461943.
Publisher
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitetSeries
Doctoral Theses at NTNU, 1503-8181; 2012:6Dissertations at the Faculty of Medicine, 0805-7680; 526