Møllmanngården på Torvet i Trondhjem - tilnærmingar til eit tapt trepalé i 1700-talsform og -kontekst
Abstract
Denne masteroppgåva i kunsthistorie undersøkjer det tapte 1700-talspaléet Møllmanngården på Torvet i Trondhjem. Bygningen setjast inn i ein historisk, sosial og politisk kontekst, og kjeldemessig tilgjengelege delar av eksteriøret og interiøret drøftast i ljos av desse forholda. Med utgangspunkt i dei delane av paléet som lar seg skildre i opphavleg form – samt bygningen si plassering i byrommet og ramme for historiske hendingar i den relevante perioden – vil Møllmanngården primært analyserast i ljos av Thorstein Veblen sitt omgrep "prangande forbruk". This master thesis in Art history studies the lost 18th century city mansion Møllmanngården at the Town Square in Trondhjem in its historic, social and political context. Documented parts of the exterior and the interior are primarily discussed in light of Thorstein Veblens term "conspicuous consumption".