Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKvello, Øyvind
dc.contributor.authorRødseth, Andrea Storøy
dc.date.accessioned2019-09-09T05:35:56Z
dc.date.available2019-09-09T05:35:56Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2613818
dc.description.abstractDette forskingsprosjektet er ein kvalitativ studie som tek utgangspunkt i eit semistrukturert intervju av fem unge kvinner som har hatt ei relativ positiv utvikling til tross for ein oppvekst prega av alkoholmisbruk hos éin av foreldra. Dei fortel om kva faktorar som har hatt betydning for deira relative positive utvikling. Studien har ein hermeneutisk tilnærming med ei delvis teoristyrt innhaldsanalyse inspirert av Hsieh og Shannon (2005). Formålet ved prosjektet er å få auka kunnskap kring kva vernefaktorar som kan føre til ei relativt positiv utvikling hos barn av alkoholmisbrukarar, og slik også kunne auke kunnskapen kring kva lærarar kan gjere for å fremme resiliens hos desse barna. Eg har difor prøvd å finne kva vernefaktorar som har hatt betydning for informantane si positive utvikling, med fokus på vernefaktorar som kan påverkast i skulen. Problemstillinga som undersøkast er difor: «Kva slags vernefaktorar har hatt betydning for ei relativt positiv utvikling hos personar som har vakse opp med alkoholmisbrukande foreldre?» I analysen av datamaterialet var hovudkategoriane: individuelle vernefaktorar og betydninga av gode relasjonar deduktivt utforma frå Olsen og Traavik (2010) si bok «Resiliens i skolen», og annan teori om resiliens. Resultata i studien viser at dei individuelle vernefaktorane: ei positiv sjølvoppfatning og mesitringsdugleikar, å vere agent i eige liv, eit sjølvbeskyttande attribusjonsmønster og hensiktsmessige stressmeistringsstrategiar, er individuelle vernefaktorar som har hatt betydning for ei relativt positiv utvikling hos personar som har vakse opp med alkoholmisbrukande foreldre. I tillegg vil gode relasjonar til læraren og jamnaldrande virke vernande. Eit viktig punkt er at dei individuelle vernefaktorane og vernefaktorane i miljøet ser ut til å påverke kvarandre, og at dei i varierande grad har vore til stade i oppveksten til informantane. Ein må difor sjå på dei individuelle vernefaktorane opp mot det komplekse samspelet med miljøet, og som faktorar som utviklar seg i takt med individuelle og sosiale forandringar. Funna mine kan også tyde på at den relativt positive utvikling skyldast resiliens, og at vernefaktorane har hatt betydning for den relative positive utviklinga. Disse funna drøftast opp mot tidlegare forsking og teori på feltet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleEin kvalitativ studie av vernefaktorar hos barn av alkoholmisbrukerarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel