Sjukepleie i kommunehelsetenesta etter innføring av samhandlingsreforma
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2613528Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn Samhandlingsreforma har endra helsetenesta si organisering og finansiering. Når ei slik stor endring skjer, skapar det utfordringar for sjukepleiarane som jobbar i helsevesenet. Temaet for oppgåva er sjukepleiar i kommunehelsetenesta og samhandlingsreforma.
Hensikt Hensikta med studien er å undersøke korleis sjukepleiar i kommunehelsetenesta opplever konsekvensane samhandlingsreforma har medført.
Metode Oppgåva er gjennomført som eit systematisk litteraturstudie og baserer seg på åtte forskingsartiklar. Sju av artiklane har kvalitativ metode, ein har kvantitativ, retrospektiv metode.
Resultat I resultatet kjem det fram at sjukepleiarane opplever endra arbeidsoppgåver og behov for å heve kompetansen. Sjukepleiarane opplever tidspress i arbeidsdagen og samhandlingsutfordringar.
Konklusjon Endra arbeidsoppgåver er av sjukepleiarane trekt fram som konsekvens av samhandlingsreforma. Dette har ført til mangfaldige arbeidsoppgåver som har gitt eit auka behov for kompetanse. Sjukepleiarane opplever mangel på tid og krysspress som kan føre til samvitsstress og slitasje. Samhandlingsreforma skulle bidra til betre samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste. Sjukepleiarane opplever samhandlinga som utfordrande, då kommunikasjonsutstyr er utdatert og organisatorisk skeivfordeling av makt påverkar samarbeidet.
NøkkelordSamhandlingsrefoma, kommunehelsetenesta, sjukepleiar, konsekvensar Background The coordination reform has changed the organizational- and financial structure of the health care system. When the system is undertaking such drastic changes, the nurses who work in health care are likely to be affected as they are facing new challenges in their daily work. The topic of this assignment is the coordination reform and how it has affected nurses who work in municipal health care.
Purpose The purpose of this assignment is to examine how the nurses working in health care have experienced the consequences of the coordination reform.
Method The assignment is completed as a systematic literature study and is based on eight articles. Seven of the articles uses qualitative research and one uses quantitative, retrospective research.
Result The results indicate that nurses are underlining the importance of competence development due to the ongoing changes in their daily work routines. The nurses are facing time pressure and coordination challenges throughout their workday.
Conclusion Changed work tasks is a consequence for the nurses after the coordination reform was introduced. This has led to diverse work tasks that have increased the need for expertise. The Nurses experienced lack of time and cross-press, that can lead to stress of conscience and wear. The coordination reform was supposed to better the collaboration between Municipal Health and the specialists. The nurses experienced the collaboration challenging, because communication equipment is not up to date, and organizational unequal distribution of power affect the collaboration.
Keywords Coordination reform, Municipal health care, Nurses, Consequences