Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMalvik, Anders Skare
dc.contributor.advisorMyren-Svelstad, Per Esben
dc.contributor.authorKerssemakers, Jan Pål
dc.date.accessioned2019-08-23T14:04:58Z
dc.date.available2019-08-23T14:04:58Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2610083
dc.description.abstractDenne oppgåva har som formål å undersøke korleis «den homoseksuelle» blir skriven fram i romanane I skyggen av Karl Johan (1912) av Øvre Richter Frich (under pseudonymet Rita Freimann) og Drude Helmers egteskap (1913) av Ranka Knudsen. Med ei forankring i eit queer-teoretisk perspektiv ser eg på det å skrive fram «den homoseksuelle» som ein konstruksjon. Denne konstruksjonen argumenterer eg for at er historisk situert, altså at romanane både er påverka av og påverkar si eiga samtid. I ljos av det queer-teoretiske perspektivet påpeikar eg òg dei politiske og problematiske sidene ved konstruksjonen som finn stad i romanane. Analysen min i denne oppgåva er todelt. I fyrste del av analysen undersøker eg korleis romanane skriv fram «den homoseksuelle» gjennom ytre karakteristikkar ved å fokusere på yrke, utsjånad og veremåte. I andre del av analysen argumenterer eg for at «den homoseksuelle» blir skriven fram som eit trugsmål mot ekteskapet som institusjon og samfunnet som heilskap. Ut frå denne samfunnsundergravande funksjonen hevdar eg i denne oppgåva at både I skyggen av Karl Johan og Drude Helmers egteskap inneheld ein modernitetskritikk, men utan å fremme han gjennom ei typisk modernistisk form.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.title«Halvmannen» Ein komparativ analyse av korleis «den homoseksuelle» blir skriven fram i romanane I skyggen av Karl Johan og Drude Helmers egteskap
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel