Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMathisen, Geirnb_NO
dc.contributor.authorHaaland, Ole Mortennb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:03:55Z
dc.date.available2014-12-19T14:03:55Z
dc.date.created2011-09-13nb_NO
dc.date.issued2011nb_NO
dc.identifier440502nb_NO
dc.identifierntnudaim:5894nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/260413
dc.description.abstractGjennom denne oppgåva har det blitt laga eit system for styring av tekniske installasjonar, basert på ZigBee som kommunikasjonsteknologi. Systemet er laga slik at det òg kan nyttast som ei plattform for andre applikasjonar seinare.Arbeidet vart gjort på bakgrunn av eit studie av både eksisterande, kommersielle system og aktuelle forskingsprosjekt innanfor området. Forskingsaktiviteten er stor, og det er relativt stort spenn i prosjekta som er omtalt, frå reine tekniske prosjekt, til prosjekt med fokus meir på dei sosiale konsekvensane av meir intelligente heimar. Basert på delar av dei eksisterande systema, forskingsresultat og eigne idear, vart det laga eit bruksscenario som har fungert som ein referanse i det vidare arbeidet. Dette scenariet skildrar korleis eit slikt system kan fungera, både i seg sjølv og som ei plattform for andre applikasjonar. Som grunnleggjande konsept valde ein å laga systemet desentralisert, i det atkonfigurasjonen ligg lagra i dei enkelte einingane i systemet. Likevel har systemet ein sentral, for å kunna gjera automatisert, sentral styring. Sentralen skal òg tilby styring og konfigurasjon gjennom eit web-grensesnitt.Av fysiske einingar vart det i denne omgang laga ein sentral, ein brytarnode og ein relénode. Desse kan saman nyttast til å slå av og på alle typar elektriske einingar, opp til 16 A ved 230 V. Ein valde å skilja alle komponentar som har med ZigBee-kommunikasjon ut på eit eige kort. Alle dei tre andre nodane nyttar difor same type kort her. Å ha dette som eit eige kort, gir betre fleksibilitet, og gjer det enklare å nytta dette kortet i andre prosjekt. Tidlegare arbeid har gjort ein kjent med Atmel sine komponentar, og ein valde å nytta desse òg no, i form av Atmega128RFA1. Dette er ein mikrokontrollar med innebygd kommunikasjonsbrikke. Heimesentralen vart i tillegg til Atmel-brikka bygd rundt Beagleboard -xM, ein kraftig ARM-basert enkelt-kort-datamaskin, med nettverksfunksjonalitet, USB-portar og microSD-kort for lagring. Ein spesielt tilpassa Linux-distribusjon med tilhøyrande pakkesystem vart laga ved hjelp av Yocto-prosjektet. Dette gir eit system som startar svært raskt, og er enkelt å utvida med nye applikasjonar.Web-grensesnittet vart implementert på toppen av dette, basert på Python-rammeverket Django. Bruken av eit fullverdig operativsystem vil gjera det enkelt å integrera andre applikasjonar i denne sentralen seinare. Under utvikling og testing vart det tydeleg at rekkevidda til nodane ikkje var så god som ho burde vore. Truleg kjem dette av at impedansen i kretskortbanane mellom mikrokontrollaren og antenna ikkje er heilt riktig. Dette kan difor truleg fiksast i ein ny revisjon av ZigBee-kortet. Til gjengjeld viste batterilevetida seg å vera svært god, med håp om å få levetid på over 3 år i faktisk bruk ut av 2 AAA-batteri. Òg responstida i systemet var god, med tider på om lag 5 ms frå ein trykkar på ein knapp til reléet skifta tilstand. Å laga maskinvare tok dessverre svært mykje lenger tid enn ein hadde rekna med. Ein har difor ikkje rukke å implementera den funksjonaliteten ein hadde håpa. I tillegg finst det utfordringar i forhold til sikkerheit i nettverket, og det å få inn nye nodar i nettverket på ein trygg måte. Det er difor stort rom for vidare arbeid.Totalt sett kan systemet ikkje seiast å vera komplett, slik det framstår i dag. Primært er det noko manglande funksjonalitet, samt den dårlege rekkevidda som er dei største problema. Arbeidet som er gjort her, er likevel eit svært godt grunnlag. For det første kan nettverket og sentralen nyttast til å implementera nye applikasjonar innanfor husstyring i vid forstand. For det andre burde eit system som her òg ha eit visst kommersielt potensiale, om ein fullfører ein del av den manglande funksjonaliteten og finpussar på brukargrensesnitta.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherInstitutt for teknisk kybernetikknb_NO
dc.subjectntnudaim:5894no_NO
dc.subjectMTTK teknisk kybernetikkno_NO
dc.subjectTilpassede datasystemerno_NO
dc.titleUtvikling av ei plattform for styring av installasjonar i husnb_NO
dc.title.alternativeDevelopment of a platform for control of technical installations in Buildingsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber141nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk, Institutt for teknisk kybernetikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel