Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorWarberg, Silje
dc.contributor.authorKarlsen, Ingvild Marie
dc.date.accessioned2019-05-24T14:01:00Z
dc.date.available2019-05-24T14:01:00Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2598739
dc.description.abstractDenne avhandlinga tar for seg teikneserieadaptasjonen av Peer Gynt frå 2014, av David Zane Mairowitz og Geir Moen. I teksten ser eg på korleis samspelet mellom bilde og verbaltekst tematiserer ei postmoderne oppfatning av ein sjølvskapt, splitta identitet, og tvilen rundt våre oppfatningar av identitet og sanning. I analysen blir dette satt opp mot Kierkegaards filosofi om sjølvet. Eg ser på korleis verkelegheitsflukt er ein sentral del av Peers identitet, noko som særleg blir tydeleggjort i vekslinga mellom fargar og svart-kvitt. Dette grepet tematiserer korleis Peer skaper sin eigen identitet, og bruker fantasien som eit middel for å sleppe unna det vanskelege i livet. Vidare ser eg på korleis Peers flukt frå verkelegheita kan relaterast til ein form for eksistensiell angst, kor han rømmer unna problem som eigentleg har rot i hans indre tvil og redsel. I teikneserien blir Peers eksistensielle angst objektivisert som fantasiskikkelsar, og får ein skremmande effekt gjennom illustrasjonen og måten dei posisjonerar seg overfor Peer og lesaren. Mairowitz' og Moens adaptasjon viser korleis Peer Gynt er ein fantasifull og fleirtydig dramatekst, med stort potensiale av å bli fortolka i teikneseriemediet.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titlePeer Gynt som teikneserie - ein adaptasjonsanalyse om identitet, fantasi og eksistensiell angst
dc.typeBachelor thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel