dc.contributor.advisor | Wedege-Mathiassen, Tine | nb_NO |
dc.contributor.author | Krumsvik, Bente Ommedal | nb_NO |
dc.date.accessioned | 2014-12-19T13:58:24Z | |
dc.date.available | 2014-12-19T13:58:24Z | |
dc.date.created | 2010-09-11 | nb_NO |
dc.date.issued | 2010 | nb_NO |
dc.identifier | 350782 | nb_NO |
dc.identifier | ntnudaim:5316 | nb_NO |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/258639 | |
dc.description.abstract | Målet med studien er å få ei betre forståing for korleis ulike matematiske tema og kontekstar i undervisninga er med på å påverke kva kommunikasjonsmønster som oppstår, og korleis elevane utviklar kunnskap i matematikk. Det blir brukt eit analyseverktøy som består av teori om ulike kommunikasjonsmønster og om ulike typar matematikkoppgåver i samanheng med tradisjonell og undersøkande matematikk-undervisning. I tillegg blir det brukt teori som omhandlar ulike oppfatningsnivå når det gjeld matematisk generalisering og korleis elevane brukar og oppfattar teikn og symbol i matematikk, i samanheng med elevane si kunnskapsutvikling. I studien blir det nytta kvalitative forskingsmetodar, i form av observasjon. Utvalet består av ein matematikklærar og ein 9. klasse. Datamateriale blir samla inn i løpet av tre dagar, der det til saman er seks økter med matematikkundervisning. Gjennom observasjonen blir det sett på kva kommunikasjonsmønster som oppstår, og korleis elevane utviklar kunnskap. I analysen blir det plukka ut enkeltepisodar og dialogar av datamaterialet, og dei blir analysert ved hjelp av analyseverktøyet. Resultata frå studien tyder på at det er ein samanheng mellom kva matematiske tema undervisninga handlar om, kommunikasjonsmønstra som oppstår og korleis elevane utviklar matematisk kunnskap. I tillegg tyder det på at konteksten rundt matematikkoppgåvene er med på å påverke korleis interaksjonen føregår mellom elevane og læraren, samt i kva grad elevane utviklar kunnskap. Det kan sjå ut til at gjennom opne og utforskande oppgåver, og ein reell og konkret referansekontekst, er det lettare for elevane å omgrepsmessig mediere mellom matematiske symbol og referansekontekstar. Her er det samtidig betre lagt til rette for at elevane diskuterer med kvarandre og med læraren, og for at det oppstår undersøkande kommunikasjonsmønster. Motsetninga er ei mindre open undervisning som dreier seg om semi-verkelege kontekstar. Her tyder det på at kommunikasjonsmønstra utviklar seg til å bli tradisjonelle, og elevane har større problem med å kople saman matematiske omgrep, og symbol. | nb_NO |
dc.language | nor | nb_NO |
dc.publisher | Institutt for matematiske fag | nb_NO |
dc.subject | ntnudaim | no_NO |
dc.subject | MLREAL Lektorutdanning med master i realfag | no_NO |
dc.subject | Matematikk og naturfag | no_NO |
dc.title | Interaksjon og læring i matematikk: Ein studie av korleis ulike matematiske tema og kontekstar påverkar kommunikasjonsmønster og kunnskapsutvikling | nb_NO |
dc.title.alternative | Interaction and Learning in Mathematics: A research study of how different mathematical themes and contexts influence communication patterns and knowledge development | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 96 | nb_NO |
dc.contributor.department | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk, Institutt for matematiske fag | nb_NO |