Skriftkulturen ved erkesetet i seinmellomalderen
Chapter
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2582082Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I dag har me skrift allstad ikring oss, men i seinmellomalderen var ikkje dette noko sjølvsagt. Det store fleirtalet av folket var analfabetar, medan skrivekunna var knytt til ein fåment elite, stort sett geistlege. Det var i all hovudsak katedralskulane ved bispeseta som gav opplæring i lesing og skriving. I Nidaros var det skule, og prestane ved erkesetet – og andre geistlege i kyrkjer og kloster i byen – utgjorde ei gruppe skrivekunnige menn som skilde seg ut ved den boklege lærdomen sin. Difor er nettopp skriftkulturen ei viktig side ved erkesetet i seinmellomalderen, og noko som særprega dette miljøet framfor dei fleste menneske på den tida. Med skriftkultur meiner eg her alle sider ved bruken av skriftleg materiale, både utdanning, produksjon av ulike slag tekstar og tekstresepsjon – kva tekstar som vart lesne. Eg skal først gje ei ålmenn innføring i tekstkulturen i mellomalderen før eg går nærare inn på sjølve erkesetet i dei siste hundre åra før reformasjonen. Etter ein diskusjon av det som vart skrive og lese ved erkesetet, skal me sjå på tilhøvet mellom dei ulike språka som var i bruk, og ikkje minst skiftet til dansk skrift språk, som skjedde over lang tid på 1400- og 1500-talet. Til saman fortel det som blir lagt fram her, om ein høgt utvikla skriftkultur.