Parkinson sjukdom og tale- og stemmerelatert livskvalitet - Ein litteraturstudie med vekt på subjektive opplevingar
Abstract
Problemstilling: Overordna tema for prosjektet er Parkinson sjukdom (PS) og tale- og stemmerelatert livskvalitet. Problemstillinga er som følgjer: Korleis opplever personar med Parkinson sjukdom tale- og stemmerelatert livskvalitet?
Bakgrunn: Parkinson sjukdom er ein vanleg sjukdom som rammar 1 av 1000 menneske. Det er ein degenerativ progredierande sjukdom som blant anna fører til at innervasjonen til musklane blir ramma og fører til hypokinetiske rørsler. Svekka rørsle gjeld også musklane til bruk ved tale- og stemmeproduksjon, der redusert forståeleg tale grunna dysartri og redusert stemmestyrke i form av hypofoni, er mest typisk for personar med PS. Tale- og stemmevanskane er sider ved sjukdomen som verkar negativt inn på kommunikasjon, og i mange tilfelle fører til redusert livskvalitet.
Formål: Hovudmålet har vært å få innsikt i og setje søkelys på korleis personar med PS opplever livskvaliteten i samband med tale- og stemmevanskar. Eit anna formål har vært å samanlikne to metodar for kartlegging, med den hensikt å finne ut korleis kvar av dei kan bidra til å danne grunnlag for hensiktsmessige tiltak. I tillegg har metoden for studien vært eit bevisst val, fordi studien har enda med eit kunnskapsoversyn over vald tema, til bruk for logopedar og andre profesjonar i praksis.
Metode: Prosjektet er ein litteraturstudie der allereie eksisterande forsking er brukt for å finna svar på problemstillinga. Forskingslitteraturen studien har merksemd på, er studiar som har brukt Voice Handicap Index (VHI) og intervju i sine undersøkingar. Litteraturstudie som metode gjev djupare innsikt og eit breiare kunnskapsgrunnlag enn primærforsking gjer.
Resultat og konklusjon: I korte trekk viser kunnskapsoversynet at personar med PS opplever at tale- og stemmevanskar fører til redusert evne til kommunikasjon, og verkar negativt inn på livskvaliteten. Sider ved livskvalitet som er særleg påverka er fysisk helse, kvardagsaktivitetar, og emosjonelle opplevingar, med vekt på sosiale relasjonar og eigenskapar ved miljøet. I tillegg viser kunnskapsoversynet at spørjeskjema og intervju er nyttige metodar for å få innsikt i subjektive opplevingar. Metodane kan utfylle kvarandre, der spørjeskjemaet blant anna fangar opp behovet for tiltak og kva domene og tema som verkar mest inn. Intervju famnar breiare, får fram fleire aspekt ved både tale- og stemmerelatert livskvalitet og kan dermed bidra til viktig innsikt. I tillegg viser syntesen av intervjua korleis domena heng saman og at dei verkar gjensidig inn på kvarandre. Studien gjev med det indikasjonar på at VHI kan vere eit godt utgangspunkt for samtale (intervju), der logopeden og den det gjeld kan få større forståing for korleis sjukdomen verkar inn på kvardagen.