Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFeilberg, Julie
dc.contributor.advisorVulchanova., Mila Dimitrova
dc.contributor.authorÅkre, Gunnveig
dc.date.accessioned2018-11-08T12:31:06Z
dc.date.available2018-11-08T12:31:06Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2571633
dc.description.abstractAlle logopedar som jobbar med born må også samarbeida med borna sine foreldre. I eit slikt samarbeid har foreldra ei lovfesta rett til medverknad, altså til å ha kjensla av å vera nyttig i barnet si behandling, og å ha mogelegheit til å påverka denne (Kjellström, 2012; Opplæringslova, 2016). Familiar der eit av borna har ein vanske har vore gjennom ein vanskeleg og stressande periode med kartlegging og diagnostisering, før dei forhåpentlegvis oppnår resiliens (Patterson, 2002) og tilpassar seg ein ny kvardag. Dette studiet er eit samarbeid kor fire studentar har deltatt og skrive kvar si oppgåve. Studiet er inspirert av ein Cost 1406 prosjektidè: Enhancing children`s oral language skills across Europe and beyond: A collaboration focusing on interventions for children with difficulties learning their first language (J. Law, 2017), og har problemstillinga Kva opplevingar og refleksjonar har foreldre til born med språkvanskar i samband med vanske, oppfølging frå hjelpeapparatet og korleis vansken verkar inn på familien? I tillegg har eg sett nærare på foreldra si oppleving av å ha medverknad i møte med hjelpeapparatet. For å finna svar på problemstillinga vart det formulert nokre forskingsspørsmål som me ville forsøka å finna svar på. Me ønska å finna ut kva som gjorde at foreldra mistenkte at barnet hadde ein språkvanske, og korleis dei opplevde prosessen kring tilvising til hjelpeinstansane og dei vurderingar som vart gjort av barnet sitt språk. Vidare ville me vita kva tankar foreldre har om språkvanskar, og kva kunnskap dei har om årsaken til slike vanskar, og kva dei forventar at ein logoped kan bidra med i deira situasjon. I forhold til medverknad ville me vita meir om korleis foreldra har blitt involvert i vurderingar og tiltak, og kva tankar dei har kring si eiga rolle vs. hjelpeapparatet si rolle i behandlinga av barnet, samt korleis dei har opplevd møtet med hjelpeapparatet og behandlinga av barnet sine vanskar. Til slutt ville me sjå på korleis det kjennes å vera ein familie der eit av borna har ein språkvanske, og korleis dei som familie balanserer og tilpassar seg kvardagen. Dette er eit kvalitativt studie der det i hovudprosjektet er gjennomført 18 semistrukturerte intervju. Delprosjektet mitt baserer seg på 4 intervju med 7 informantar. Informantane var foreldre som melde seg frivillig til å delta, og intervjua vart gjennomført med utgangspunkt i ein intervjuguide som var felles for prosjektgruppa. Opptaka vart transkribert og koda, og kodegrupper vart fordelt etter FAAR-modellen til Patterson (2002). Funn frå analysen syner at foreldra opplever systemet som tregt. Det tar lang tid å koma frå kartleggingsfasen til tiltak. Det kjem også fram at foreldra meiner det manglar kunnskap og kompetanse i skulen og systemet elles for å gjennomføra vellukka tiltak for borna med språkvanskar, og systema er sårbare i forhold til å mista kompetanse grunna sjukdom o.l. Foreldra opplever likevel å stola på dei profesjonelle som er involvert i arbeidet med barnet deira, og dei opplever sjølve at dei er inkludert i avgjersler og likeverdige i møter som omhandlar borna. Foreldra opplever å ha medverknad. Resultata i undersøkinga kan gi logopedar og andre som jobbar i hjelpeapparatet både i Noreg og i andre land, auka medvit om nytta og viktigheita av foreldra sin kunnskap til barnet og kor viktig det er med eit godt og tett samarbeid. Ei undersøking som denne kan bidra til ei felles internasjonal evidensbasert praksis i behandling av born med språkvanskar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectLogopedinb_NO
dc.titleDevelopmental Language Disorder - Eit foreldreperspektiv - Foreldremedverknad i møte med hjelpeapparatetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000nb_NO
dc.source.pagenumber60nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel