Kvifor ikkje nynorsk? Mekanismar og årsaker - Ein metaanalyse av sju studiar om den nynorske lekkasjen i randsoner
Abstract
Nynorsk har alltid vore eit mindre brukt skriftspråk enn bokmål. Sjølv om prosenten nynorskbrukarar held seg stabil, er det svært mange som legg frå seg nynorsken i løpet av skulegangen. Dette er kjend som den nynorske lekkasjen – eit fenomen som finn stad i randsonene i Noreg, stader der nynorsken er under press frå bokmål. Dette arbeidet er ein metaanalyse som syntetiserer, samanliknar og deretter diskuterer sju rapportar om språkskifte i randsoner.
Elevane oppgir sjølve at dei ikkje meistrar skriftspråket som grunn når dei byter hovudmål frå bokmål til nynorsk. Analysen viser vidare ein variasjon på tvers av dei geografiske områda: Tidspunkt for skiftet, foreldra sin fødestad eller elevane sine utdanningsambisjonar ser ikkje ut til å danne noko tydeleg mønster. Vidare er elevar med nynorsk som hovudmål jamt over meir negative til å skrive sitt eige hovudmål, enn elevar med bokmål som hovudmål.
Den kritiske diskursanalysen ser på empirien i tråd med fire maktmekanismar: stigmatisering, marginalisering, nøytralisering og ignorering. Analysen tydeleggjer den reelle minoritetsposisjonen nynorsk har, og viser at måten vi snakkar om og behandlar nynorsk, er med på å oppretthalde og legge grunn for sterke strukturar i det som kan omtalast som eit språkleg hegemoni. Nynorsk blir snakka ned, gløymd, ikkje tatt omsyn til, og elevar og lærarar rasjonaliserer prosessane. Det kan forklare at elevar vil legge frå seg nynorsken.